1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Hurdalsplattformen: Redaktørstyrte medium som føresetnad for ytringsfridom og demokrati

Mari Velsand meiner det er positivt at Hurdalsplattformen viser at regjeringa er opptekne av kvalitet og mangfald i redaktørstyrte medium. Foto Mathias Fossum / Medietilsynet
Mari Velsand meiner det er positivt at Hurdalsplattformen viser at regjeringa er opptekne av kvalitet og mangfald i redaktørstyrte medium. Foto Mathias Fossum / Medietilsynet

Den nye regjeringa vil sikre sterke norske medium og leggje til rette for at alIe grupper i samfunnet har eit godt medietilbod. Det går fram av Hurdalsplattformen, som blei lagd fram av Arbeiderpartiet og Senterpartiet 13. oktober.

Behovet for truverdige, redaktørstyrte medium av høg kvalitet er større enn nokon gong, står det vidare i regjeringsplattforma.

– Det er bra at den nye regjeringa er opptatt av mediemangfaldet, og anerkjenner den viktige rolla som redaktørstyrte medium har, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Regjeringa har følgande mediepolitiske prioriteringar:

  • Sikre ytringsfridommen gjennom dei frie media. Redaktørar og journalistar skal ha eit særskilt vern.
  • Sikre at offentlegheitslova og prinsippet om meiroffentlegheit blir praktisert i alle offentlege verksemder, og vurdere strengare sanksjonar ved brot på offentlegheitslova.
  • Arbeide for at dei globale medie- og teknologiaktørane viser openheit om bruk av data og betaler skattar og avgifter i dei landa dei opererer i.
  • Auke innovasjons- og pressestøtta på ein måte som sikrar god utvikling i lokalmedia, utan at det går ut over dei større riks- og regionmedia.
  • Sikre NRKs rolle som ein brei allmennkringkastar med sterk nærvær i heile landet gjennom føreseieleg styring og finansiering.
  • Sikre kommersiell allmennkringkasting med hovudkontor i og nyheitssendingar frå Bergen og ein kommersiell allmennkringkastar på radio med hovudkontor på Lillehammer.
  • Gi lokalradio moglegheit til å vere på FM-nettet fram til 2031.

 Les heile Hurdalsplattformen her.