1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet foreslår nye støtteordningar

Medietilsynet foreslår blant anna ei ny driftsstøtteordning med ei årleg ramme på 20 millionar kroner for å styrke journalistisk produksjon i lokalradioar. Foto Medietilsynet
Medietilsynet foreslår blant anna ei ny driftsstøtteordning med ei årleg ramme på 20 millionar kroner for å styrke journalistisk produksjon i lokalradioar. Foto Medietilsynet

Medietilsynet foreslår å opprette to nye støtteordningar, avvikle éi og gjere fleire endringar i dei eksisterande ordningane for mediestøtte. Samla fører forslaga til ein auke i støtta på 48,7 millionar kroner årleg. – Ordningane er viktige for mediemangfaldet, og vi meiner forslaga gjer dei enda meir treffsikre, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medietilsynet har på oppdrag frå Kulturdepartementet gått gjennom dagens ordningar for direkte mediestøtte og vurdert behovet for endringar og nye støtteordningar. Utgreiinga er ein del av førebuingane til stortingsbehandlinga av fireårige styringssignal for den direkte mediestøtta for perioden frå 2023 til 2026.

Medietilsynet foreslår ny driftsstøtte for lokalradioane

Medietilsynet foreslår ei ny driftsstøtteordning med ei årleg ramme på 20 millionar kroner for å styrke journalistisk produksjon i lokalradioar med konsesjon til drift på FM og DAB.

– Lokalradioane bidrar til det samla mediemangfaldet, men har sårbar økonomi. Samtidig er digitaliseringa kostnadskrevjande. Dagens støtteordningar for denne gruppa er i hovudsak prosjektbasert, og vi foreslår no ei driftsstøtte for å styrke produksjonen av lokaljournalistikk i lokalradioar med redaksjonelt tilsette, seier Velsand.

Medietilsynet foreslår også nokre endringar i dagens støtteordning for lokalkringkasting, blant anna å auke den årlege løyvinga til digitalisering av lokalradio med fem millionar kroner. Endringsforslaga gjer at støtta til lokalradio meir enn doblar seg totalt og blir på cirka 47 millionar kroner årleg.

Les heile rapporten om norsk mediestøtte her

Ikkje tid til å lese heile? Les kortversjonen av rapporten om norsk mediestøtte her

Fleire tiltak skal styrke dei minste lokalavisene

Medietilsynet foreslår fleire endringar i dagens produksjonstilskottsordning for å styrke dei minste lokalavisene.

– Høgskulen i Volda har komme fram til at over 60 norske kommunar har svak eller manglande journalistisk dekning. Samtidig ser vi at dei minste avisene har mest sårbar økonomi. Derfor foreslår Medietilsynet fleire tiltak som kjem små lokalaviser til gode, seier Velsand.

Eitt av forslaga er å inkludere aviser med mellom 750 og 1000 i tal på abonnement/laussal i bestemte utkantkommunar i ordninga. Medietilsynet foreslår også at aviser med mellom 1000 og 2000 i tal på abonnement/laussal bør få om lag 200 000 kroner ekstra. Endringane har ein kostnad på elleve millionar kroner årleg.

Forslaget om å gi ei årleg støtte til Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) på to millionar kroner, slik at senteret kan hjelpe små medium med graveprosjekt, skal også bidra til å styrke lokalavisene.

Ny støtteordning for nasjonale nisjemedium og innovasjonstilskott til fagmedium

I dag får nasjonale nisjemedium, som Dag og Tid, Morgenbladet og Medier24, støtte som følge av langvarig forvaltningspraksis. Det får dei sjølv om dei ikkje fyller kriteria i forskrifta om å ha breidde i innhaldet.

– Medietilsynet vurderer at dei nasjonale nisjemedia bidrar til mediemangfaldet ved å løfte tema og perspektiv som andre aviser i mindre grad dekker. Vi foreslår ei eiga støtteordning for nisjemedium innanfor politikk og samfunnsliv, under dette kultur og økonomi, seier Velsand. Forslaget har ingen økonomiske konsekvensar, sidan tilsynet foreslår å overføre 40 millionar kroner frå ordninga for produksjonstilskott. Det svarer til det nisjemedia får i dag.

Medietilsynet foreslår vidare endringar i dagens ordning for innovasjonsstøtte, som gjer at fleire fagmedium kan kvalifisere for støtte.

– Fagmedium som inneheld nyheits-, aktualitets- og debattstoff om politikk, økonomi eller samfunnsliv, bør kunne få støtte til innovasjons- og utviklingsprosjekt, seier Velsand. På grunn av at målgruppa blir utvida, foreslår Medietilsynet å auke innovasjonsstøtta med fem millionar til litt over 26 millionar kroner årleg.

Foreslår at støtteordninga for samiske aviser skal vere plattformnøytral

Dagens støtteordning for samiske aviser omfattar berre papiraviser, og Medietilsynet foreslår at ordninga blir plattformnøytral. Vidare foreslår tilsynet å utvide ordninga med eit særskilt tilskott til innhald på nordsamisk, i tillegg til lule- og sørsamisk, som er inkludert i dag. Endringane fører til at støtta til samiske aviser aukar med 5,2 millionar kroner til nesten 41 millionar kroner årleg.

Medietilsynet foreslår også å avvikle ordninga for distribusjonstilskott til aviser i Finnmark, og at dei 2,3 millionar kronene i ordninga blir fordelt på høvesvis produksjonstilskott og tilskott til samiske aviser.

Analysar viser at aviser i andre geografiske område har like høge distribusjonskostnader som aviser i Finnmark. Samtidig fører digitaliseringa til at talet på distribuerte papiraviseksemplar blir stadig færre. – Vi vurderer derfor at det ikkje er behov for denne tilskottsordninga, seier Velsand.

Forslaga til endringar frå Medietilsynet fører til ein samla auke på 48,7 millionar kroner i dei direkte mediestøtteordningane, slik at den årlege ramma blir på 498,3 millionar kroner.

Hovudforslaga frå Medietilsynet til endringar og nye støtteordningar

  • innføre ny driftsstøtte til journalistisk produksjon i lokalradioar
  • innføre eiga støtteordning for nasjonale nisjeaviser
  • styrke dei minste lokalavisene gjennom endringar i ordninga for produksjonstilskott
  • endre kvalifikasjonskriteria for innovasjons- og utviklingstilskott, slik at fagmedium med nyheits-, aktualitets- og debattstoff om politikk, økonomi eller samfunnsliv kan få støtte
  • gjere støtta til samiske aviser plattformnøytral, og opne for støtte til innhald på nordsamisk
  • avvikle ordninga med distribusjonstilskott til aviser i Finnmark.
  • gi fast støtte til Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) for å stimulere til undersøkande journalistikk i lokalaviser

Støtteordning

Løyving 2021

Forslag ny løyving

Endring
(prosent)

Produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium*

369 559 000

341 952 200

–7,5 %

Driftstilskott til nasjonale nisjemedium (ny)

0

40 000 000

100 %

Tilskott til samiske aviser

35 738 000

40 916 800

14,5 %

Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark (blir avvikla)

2 322 000

0

–100 %

Innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium

20 898 000

26 398 000

26,3 %

Tilskott til lokale lyd- og bildemedium

21 053 000

27 053 000

28,5 %

Driftstilskott til journalistisk produksjon i lokalradio (ny)

0

20 000 000

100 %

Støtte til Senter for undersøkande journalistikk (SUJO)

0

2 000 000

100 %

Totalt

449 570 000

498 320 000

10,8 %


* Medietilsynet foreslår å overføre 40 millionar av produksjonstilskottet frå 2021 til ei ny driftstilskottsordning til nasjonale nisjemedium. Reell auke blir da ei pris- og lønnsjustering som svarer til 12,4 millionar kroner, eller 3,4 prosent.