1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet ønsker innspel til utgreiingar om NRK og mediestøtta

Medietilsynet er i gang med ei ny utgreiing om korleis NRK bidreg til mediemangfaldet, og ein gjennomgang av dei ulike ordningane for direkte mediestøtte. – Vi ønskjer innspel blant anna om i kva grad NRK påverkar konkurransesituasjonen, og om det er behov for fleire støtteordningar, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Utgreiingane skal vere med i grunnlaget for den første stortingsbehandlinga av fireårige styringssignal for NRK og den direkte mediestøtta neste år. Ifølge den nye mediestøttelova skal regjeringa kvart fjerde år foreslå faste, langsiktige økonomiske rammer for NRK og dei direkte mediestøtteordningane.

Medietilsynet er i gang med å hente inn relevant informasjon og gjere eigne analysar som ein del av arbeidet med dei to utgreiingane.

– For å sikre at Medietilsynet har eit så godt faktagrunnlag som råd, ønsker vi innspel frå mediebransjen og ulike interessegrupper. Det kan for eksempel vere synspunkt på om det er sider ved verksemda i NRK som verkar negativt inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden, og om det er behov for endringar i eksisterande mediestøtteordningar eller heilt nye typar tilskot, seier Velsand.

Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK bidreg til mediemangfaldet

Medietilsynet skal kartleggje korleis NRK bidrar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen, i den norske mediemarknaden.

– Vi skal vurdere korleis tilbodet frå NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og brukarmangfald, korleis NRK oppfyller ansvaret sitt for å dekke blindsoner, og vurdere korleis NRK, spesielt gjennom det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet sitt, påverkar konkurransen, seier Velsand.

Medietilsynet ønsker særleg synspunkt på følgande spørsmål:

  • Er det særskilde innhaldstilbod og -tenester i NRK som bør analyserast nærare, og i så fall kvifor?
  • Er det spesielle målgrupper eller innhaldstilbod som NRK bør ha eit særleg ansvar for å ta hand om, og i så fall kvifor?
  • Er det sider ved verksemda i NRK som verkar negativt inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden, og i så fall kvifor?

Utgreiinga til Medietilsynet skal vere klar innan 30. september. Tilsynet utarbeidde ein tilsvarande rapport til Kulturdepartementet i 2018.

Medietilsynet skal gå gjennom mediestøtteordningane

Kulturdepartementet har allereie sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om produksjonstilskot for nyheits- og aktualitetsmedium, som Medietilsynet har gitt innspel til. No skal tilsynet gå gjennom alle dagens ordningar for direkte mediestøtte og så vurdere behovet for nye ordningar.

– Det har skjedd store endringar i mediemarknaden dei siste åra, og det er viktig at dei mediepolitiske verkemidla på best mogleg måte bidrar til å sikre mediemangfaldet, seier Veland.

Medietilsynet ønskjer særleg synspunkt på følgande spørsmål:

  • Er det nokon av dagens støtteordningar som ikkje fungerer etter formålet, og kva endringar bør i så fall gjerast?
  • Bør det gjerast endringar i dagens fordeling av midlane mellom ordningane, eller mellom grupper i ordninga, for produksjonstilskot? Kva er i så fall grunngivinga for endringsbehovet?
  • Er det behov for nye mediestøtteordningar, i så fall kvifor og på kva område?

Utgreiinga om mediestøtte skal vere ferdig innan 30. november.

Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om NRK og mediemangfald her

Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om mediestøtte her

Innspel til begge utgreiingane må vere skriftlege og skal sendast til innan 24. mars 2021.

  Abonner på nyheter (RSS)