1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet støttar forslag om blokkering av pengespel-nettsider

DSN-blokkering kan fungere som eit effektivt informasjonstiltak ved å gjere fleire merksame på kva pengespel som ikkje har løyve i Norge. Foto Medietilsynet
DSN-blokkering kan fungere som eit effektivt informasjonstiltak ved å gjere fleire merksame på kva pengespel som ikkje har løyve i Norge. Foto Medietilsynet

Medietilsynet er positiv til Kulturdepartementets forslag om å blokkere nettsider som tilbyr pengespel utan løyve i Noreg. – Saman med regelen som gjer at Medietilsynet kan stoppe marknadsføring av reklame for pengespel på tv, er det nye lovforslaget med på å forebygge speleproblem, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Berre nokre få pengespelaktørar har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Dei må gjere dette på ein trygg og ansvarleg måte ved å følge ei rekke reglar. Det er med på å skåne sårbare spelarar, som er spesielt utsette for pengespelproblem.

– Vi veit at speleproblem kan få alvorlege konsekvensar for spelarar og familiane deira. Medietilsynet stiller seg difor bak forslaget frå Kulturdepartementet om å kunne bruke DNS-blokkering av nettsider som tilbyr pengespel til nordmenn utan å ha løyve til det, seier Velsand.

Reklame-blokkinga av pengespel gjer tydeleg informasjon til publikum

Kulturdepartementet foreslår at Lotteritilsynet skal få heimel i den nye pengespellova til å pålegge internettilbydarar å blokkere nettsider som utan løyve tilbyr pengespel retta mot den norske marknaden. Det skal gjerast ved hjelp av såkalla DNS-blokkering, som betyr at internettilbydarar må innføre tekniske tiltak som hindrar tilgang for nettbrukarane til eit spesifikt område på internett.

Lotteritilsynet meiner DNS-blokkering gjer dei mest risikofylte pengespela mindre tilgjengeleg, og at dette reduserer rekrutteringa til ulovlege pengespel.

– DSN-blokkering fungerer som eit effektivt informasjonstiltak ved å gjere fleire merksame på kva pengespel som ikkje har løyve i Norge. Meir enn seks av ti av dei som spelar hos ulovlege pengespeltilbydarar, veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel, og blir uforvarande utsette for risikoen ved slike spel. Desse har rett til å få tilstrekkeleg informasjon for å kunne gjere bevisste val, seier Henrik Nordal, avdelingsleiar i Lotteritilsynet. 

Medietilsynet stør dette synet. – Å kunne skilje mellom lovleg og ulovleg kommersielt innhald, er ein viktig del av den kompetansen som er viktig for å ha ei kritisk medieforståing, seier Velsand.

Medietilsynets vurdering så langt er at reklamen for pengespel på tv kan stoppast

Den nye lovregelen har mykje til felles med regelen som vart innført i kringkastingslova frå 1. januar 2021, der Medietilsynet kan pålegge norske tv-distributørar å stoppe marknadsføring av reklame for utanlandske pengespel på tv. Begge reglane skal medverke til å redusere talet på problemspelarar og konsekvensar av speleproblem.

Tidlegare i år avdekka Medietilsynet at ei rekke av Discoverys tv-kanalar hadde omfattande marknadsføring for pengespel som ikkje er lov i Noreg. Tilsynet meiner så langt at tv-distributørane kan stoppe pengespelreklamen for utanlandske pengespel som blir send på Discovery. Tv-distributørane Telenor, Telia, RiksTV, Canal Digital, VCB (Viasat) og Altibox er varsla om dette.

– Vi går no nøye gjennom tilbakemeldingane frå tv-distributørane, før Medietilsynet konkluderer i sakene, seier Velsand.