1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Ny nasjonal strategi for trygg digital oppvekst: Kritisk medieforståing, medverknad og opplæring av dei unge står sentralt

Mange aktørar har bidratt i arbeidet med den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst, der innspela frå barn og ungdom har vore særleg viktige. Foto Medietilsynet/15 sekunder
Mange aktørar har bidratt i arbeidet med den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst, der innspela frå barn og ungdom har vore særleg viktige. Foto Medietilsynet/15 sekunder

Medverknad frå barn og ungdom blir viktig når Medietilsynet skal bidra til å gjennomføre strategien regjeringa har lagt for trygg digital oppvekst. – Reell medverknad frå barn og unge, informasjon og opplæring, personvern og forsking er blant innsatsområda i strategien, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Medietilsynet har på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet hatt ansvar for å utforme den nye nasjonale strategien for trygg digital oppvekst, som heile regjeringa står bak. Eit viktig mål med strategien er å auke samarbeidet og betre koordineringa mellom aktørane som jobbar for å tryggje den digitale kvardagen til barn og unge.

– Mange aktørar har bidratt i arbeidet, der innspela frå barn og ungdom har vore særleg viktige. Dei unge er ekspertar på eigne liv og har ikkje alltid same oppfatninga som vaksne i saker som berører dei. Derfor er eitt av måla at barna skal ha reell medverknad når strategien blir omforma til konkrete tiltak, seier Velsand.

Strategien skal sikre barn og ungdom ein trygg digital oppvekst

Mange norske barn er på nett frå tidleg alder, og nesten alle er på sosiale medium frå dei er 13 år, viser undersøkinga Barn og medier 2020 gjennomført av Medietilsynet.

– Sjølv om mange unge knyter nettet til positive opplevingar, viser undersøkingane våre at ein del også har ubehagelege erfaringar, som mobbing, uønskt bildedeling eller eksponering for skremmande innhald. Strategien skal blant anna bidra til at barn og ungdom får auka kritisk medieforståing, slik at dei er best mogleg rusta til å handtere den digitale kvardagen, seier Velsand.

Barne- og familiedepartementet har eit overordna ansvar for strategien på vegner av regjeringa, mens Medietilsynet skal følgje opp og koordinere innsatsen på direktoratsnivå.

– Målet er kort og godt å sørge for at barn og unge får ein trygg digital oppvekst. Strategien tar opp tema som deltaking i sosiale medium, personvern og behov for auka digital kompetanse hos både barn og vaskne som er rundt barn. Denne strategien er eit viktig skritt mot ein betre koordinert og meir aktiv politikk når det gjeld nettbruken til barn og unge, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. 

Regjeringa set no i gang arbeidet med ei melding til Stortinget om trygg digital oppvekst.

Sju prioriterte område

Den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst har følgande sju prioriterte område:

1. Sikre rettane barn har i det digitale miljøeet og reell medverknad frå barn og unge
Det er viktig at barn og unge får gi innspel og råd til planar og tiltak. Dette må skje på ein måte som dei opplever som meiningsfylt. Høvet til medverknad må vere reell, ikkje berre symbolsk.

2. Auke den digitale kompetansen blant barn og unge
Kritisk refleksjon, kjeldekritikk og tema som digital dømmekraft og digital tryggleik har fått ein tygdelegare plass i skolen gjennom fagfornyinga og dei nye læreplanane frå 2020. Samtidig er det fleire sider og tema knytte til det digitale livet som ikkje er spesifikt omtalte i fagplanane. Det er derfor viktig å sikre at det blir teke hand om desse gjennom blant anna tverrfaglege tema som «folkehelse og livsmeistring» og «demokrati og medborgarskap» og gjennom det viktig arbeidet med kritisk medieforståing som Medietilsynet og andre aktørar driv.

3. Auke den digitale kompetansen til foreldre og vaksne som jobbar med barn
Vaksne, både dei som jobbar med barn, og foreldre, har ansvar for at barn kan ferdast trygt på nett. Å auke kunnskapen og engasjementet til dei vaksne om dei positive og negative sidene ved nettbruken til barn, vil bidra til å sikre barn og unge ein aktiv, deltakande og trygg, digital oppvekst.

4. Beskytte barn og unge mot internettrelatierte overgrep, skadeleg innhald og skadeleg bruk
Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for å førebygge og bekjempe internettrelaterte overgrep mot barn. Strategien er ein del av arbeidet regjeringa driv med å trygge den digitale oppveksten til barn og unge.

5. Sikre person- og forbrukarvernet for barn og unge
Fordi barn og unge er storforbrukarar av sosiale medium og andre digitale tenester, gir dei frå seg mange personopplysningar. Det er viktig at barn og unge får kunnskap om at alle data dei legg att på digitale frlater, kan bli brukte kommersielt. Dei må derfor få meir informasjon om korleis personopplysningar blir kopla opp mot algoritmar, korleis dette påverkar innhaldet dei blir eksponerte for på nettet, og kva forbrukar og personvernrettar som gjeld.

6. Initiere forsking og gjere kunnskapen tilgjengeleg
Dei fleste forskingspublikasjonane som finst knytte til det digitale livet til barn og ungdom, analyserer risiko og ikkje skade. Fordi dei fleste undersøkingane er baserte på kvantitative analysar, klarer dei ikkje å fange opp opplevingane barn og unge har, på ein tilstrekkeleg nyansert måte. Kunnskap og forsking bør danne grunnlaget for politiske avvgjerder, lovgiving og praksis. Det er viktig å leggje til rette for forsking om den digitale kvardagen til barn og unge. Forskinga må formidlast og gjerast offentleg tilgjengeleg.

7. Styrke koordineringa av arbeidet for trygg digital oppvekst
Mange aktørar jobbar med førebygging, råd og bistand for å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst. Den nasjonale strategien skal bidra til at arbeidet blir betre organisert, slik at tiltak, planar og initiativ på ulike fagfelt blir betre koordinerte og meir målretta. Barne- og familiedepartementet har eit overordna koordinerande ansvar. Ansvaret inneber å leie arbeidet på departementsnivå, vere pådrivar for politikkutvikling på feltet og ha ein dialog med dei departementa dette gjeld for: Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Medietilsynet skal følgje opp og koordinere innsatsen for ein trygg digital oppvekst på direktoratsnivå.

Les meir om den nasjonale strategien på nettsida til regjeringa her

Her kan du lese heile den nasjonale strategien

Slik skal Medietilsynet jobbe vidare med den nasjonale strategien