1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Ny pengespellov gjer det straffbart å marknadsføre pengespel mot barn

I forslaget til ny pengespellov blir det lettare å straffe dei som bryt lova, og det blir blant anna straffbart å marknadsføre pengespel mot barn. – Heile seks av ti av 9–18-åringane har fått reklame for pengespel. Medietilsynet er derfor glad for lovendringa, seier direktør Mari Velsand.

For kort tid sidan la regjeringa fram forslag til ei ny lov som regulerer alt som blir tilbydd av pengespel i Noreg. Lova erstattar dei tre lovene som i dag regulerer pengespel, og det blir lettare å straffe aktørar som marknadsfører pengespel utan norsk løyve. All marknadsføring skal avgrensast, og det blir straffbart å marknadsføre pengespel mot barn.

I Medietilsynets undersøking Barn og medier 2020 kom det fram at tre av ti barn i ni–ti-årsalderen har fått pengespelreklame på nett. Seks av ti i gruppa 9–18 år har fått slik reklame.

– Tala viser at mange, og ganske små barn, får reklame for pengespel og gambling. Dette er heilt klart uheldig, og derfor er det bra at det no blir ulovleg å marknadsføre pengespel mot barn, seier Velsand.

Fleire gutar enn jenter blir eksponerte for reklame for pengespel

Det er vanlegare å få reklame for pengespel og gambling enn å få reklame for produkt for å gå ned i vekt, reklame for alkohol og for produkt som skal gi større musklar. Nokre fleire gutar enn jenter får reklame for pengespel og gambling, og denne kjønnsforskjellen gjeld alle aldersgrupper. 9–12-åringane er den gruppa der færrast får slik reklame.

– Sjølv om det er mindre vanleg for dei yngste enn dei eldre barna å få reklame for pengespel, er det likevel mange av 9–10-åringane som blir eksponerte for slik reklame. Medietilsynet ønsker derfor eit tydelegare og strengare regelverk velkomme, seier Velsand.

Den nye pengespellova er tydelegare, stiller fleire krav og kan gi strengare straff

Den nye pengespellova gjer det enda tydelegare enn før at det er forbode å tilby og marknadsføre pengespel utan norsk løyve. Det er heller ikkje lov til å medverke til dette. Forbodet rammar vidt og kan ramme dei som vidareformidlar eller er ambassadørar for utanlandske spelselskap. Brot på forbodet kan medføre straff.

Den nye lova stiller også fleire krav til dei som har løyve til å tilby pengespel. I tillegg til at marknadsføringa skal avgrensast og ikkje gå lenger enn nødvendig for å trekke spelarar til dei lovlege speltilboda, og det blir straffbart å marknadsføre pengespel mot barn, må alle som tilbyr pengespel, innføre nødvendige tiltak for at verksemda skal vere ansvarleg. Det blir også eit generelt forbod mot å tilby spel på kreditt, og det blir straffbart å rette marknadsføring for pengespel direkte mot personar som har reservert seg mot dette hos pengespeltilbydaren.

Lova fører vidare og styrker dessutan einerettsmodellen, som gir Norsk Tipping og Norsk Rikstoto einerett til å tilby pengespela med høgast risiko og høgast omsetning.

Les meir om regjeringa sitt forslag til ny pengespellov her

Ny regel gjer at Medietilsynet kan stanse pengespelreklame på tv

I tillegg til at pengespelloven no blir styrkt, gjer den nye regelen i kringkastingslova frå 1. januar i år at Medietilsynet kan pålegge norske tv-distributørar å gripe inn og stanse marknadsføring på tv for pengespel som ikkje har løyve i Noreg.

Medietilsynet har gjennomført tilsyn av ei rekke tv-kanalar frå Discovery og Nent, der det blei funne store brott på pengespelregelverket hos tv-kanalane til Discovery.

– Medietilsynet vurderer no om det er grunnlag for å pålegge dei norske distributørane å fjerne pengespelreklamen, seier Velsand.

  Abonner på nyheter (RSS)