1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

TVNorge braut reglar om sponsing

Medietilsynet har ved eit tilfelle gitt Discovery åtvaring for å ha brote reglane om identifisering av sponsor på TVNorge. – Discovery brukte slagord og element frå sponsoren sine reklamekampanjar i sponseplakaten, noko som ikkje er lov, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Saka gjaldt utforming av sponsoridentifisering for møbelforhandlaren Trademax i tilknyting til serien «Helt perfekt» på TVNorge

Kontrollen Medietilsynet gjennomførte, avdekte at tv-kanalen braut regelverket om sponsing av program etter kringkastingslova § 3-4 ved å bruke slagord og element frå sponsoren sine reklamekampanjar i sponseplakaten. – Slike element bidrar til at sponsoridentifiseringa kan stå fram som ein reklameplakat, noko som ikkje er formålet, seier Sekkelsten.

Reglane for sponsing av program i kringkastingslova set rammer for korleis ein sponsor kan identifiserast, og kva typar program som ikkje kan sponsast. Formålet med å identifisere sponsoren, er å gjere sjåarane merksame på at eksterne aktørar har bidratt økonomisk til å produsere eller sende programmet.

Medietilsynet gir Discovery ei åtvaring

Sponsoridentifisering er altså noko anna enn reklame, og det er derfor avgrensa kor mykje sponsoren kan profilere seg og verksemda si gjennom identifiseringa. Opplysninga om at programmet er sponsa, skal gjere det mogleg for sjåarane å vere ekstra årvakne med tanke på det redaksjonelle innhaldet i programmet.

Medietilsynet kan påleggje sanksjonar i form av åtvaring eller gebyr dersom regelverket blir brote.

– Sidan Discovery erkjende at det hadde skjedd ein feil og dei raskt fjerna sponseplakaten på eige initiativ, nøyer vi oss med å gi kringkastaren ein sanksjon i form av åtvaring i dette tilfellet, seier Sekkelsten.

Dette er sponsing

Som sponsing reknar vi kvart eit bidrag til produksjon eller sending av program frå ein fysisk eller juridisk person som sjølv ikkje tilbyr programmet eller er engasjert i produksjonen.

Formålet med bidraget må vere marknadsføring. Ein kan gi bidraget til den som produserer programmet, eller til den som tilbyr eller sender programmet. Aktørane har ansvaret for at regelverket blir følgt, også i dei tilfella der andre har fått bidraget, for eksempel produksjonsselskapet.

Eit bidrag kan omfatte både betaling og indirekte bidrag. Indirekte bidrag kan for eksempel vere at kringkastaren får ei vare eller teneste gratis eller til ein pris som er lågare enn marknadsprisen. Dette kan vere leveransar av utstyr, rekvisita, lokale til disposisjon eller senderettar.

Les meir om kva sponsing er, og kva som er tillatt for kringkastarane her

  Abonner på nyheter (RSS)