1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Organisasjon

Organisasjon

Organisasjonskart og leiing

Medietilsynet held til i Fredrikstad og har for tida 37 faste årsverk og éi prosjektstilling. Tilsynet består av fire avdelingar og blir leia av direktør Mari Velsand.

Juridisk og regulatorisk avdeling har ansvar for å sjå til at lover og forskrifter på medieområdet blir følgde og for å føre tilsyn med dette. Avdelinga forvaltar mediepolitiske verkemiddel, som direkte mediestøtteordningar og løyving av kringkastingskonsesjonar. Vidare arbeider avdelinga med å utvikle regelverk og følger opp kontakten med internasjonale myndigheiter på mediefeltet. 

Avdeling for innsikt og analyse har ansvar for datahandtering, innsikt/analyse og utgreiing på tvers av alle fagområde i Medietilsynet. Dette inkluderer blant anna følgande område: marknadsøkonomi/marknadstrendar, barn og medium, kritisk medieforståing, mediemangfald, teknologi, internasjonal utvikling/globale aktørar.

Avdeling for kommunikasjon og rådgiving har ansvar for ekstern og intern informasjon, og for rådgiving på områda barn og medium og kritisk medieforståing. Avdelinga har også ansvar for aldersklassifisering av kinofilm.

Fellestenester har ansvar for alle administrative støttefunksjonar i Medietilsynet, inkludert økonomistyring, lønn og personal og IKT. Vidare har avdelinga ansvar for gebyr- og avgiftsinnkrevjing og videogramregistrering.

Juridisk og regulatorisk avdeling har ansvar for å påse at lover og forskrifter på medieområdet blir fulgt og for å føre tilsyn med dette. Avdelingen forvalter mediepolitiske virkemidler, som direkte mediestøtteordninger og tildeling av kringkastingskonsesjoner. Videre arbeider avdelingen med regelverksutvikling og følger opp internasjonal myndighetskontakt på mediefeltet. 

 

Organisasjonskart per juni 2021 bilde.JPG

Sjå heile organisasjonskartet for Medietilsynet.

Les meir om Medietilsynets organisasjon og aktivitetar i vår årsrapport.

Leiinga

Direktør Mari Velsand

Frå 2014 til 2017 var Velsand konserndirektør i Amedia AS. Før det var ho blant anna konserndirektør i Tun Media, distriktsredaktør i NRK Hordaland, programredaktør i NRK og har arbeidd i Oppland Arbeiderblad. Mari er utdanna frå Norsk Journalisthøgskole og har mastergrad i leiing frå BI. Ho tiltredde som direktør i Medietilsynet 1. september 2017.

Direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Nistad Sekkelsten

Jurist frå Universitetet i Oslo. Sekkelsten har variert erfaring frå ulike offentlege forvaltningsinstansar, blant anna frå Fylkesmannen i Østfold. Ho har også arbeidd som advokat i advokatfirmaet Din Advokatpartner AS, før ho blei tilsett i Medietilsynet i 2010.

Direktør for kommunikasjon, rådgiving og analyse, Pernille Huseby 

Huseby har dei siste åra vore generalsekretær i Actis, som er samarbeidsorganet for rusfeltet.  Ho har tidlegare blant anna vore kommentator i VG og politisk redaktør i Nationen. Ho er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i medievitskap.

Direktør for innsikt og analyse, Rune Albertsen 

Albertsen har ein master i industriell teknologi og driftsleiing frå Universitetet i Stavanger, og har erfaring både som toppleiar, analytikar, kunderådgivar og konsulent. Han har hatt fleire leiande roller i GroupM, som er den størstemediebyrågrupperinga i verda. Før det har han blant anna jobba fleire år som marknadsanalytikar i rådgivings- og utviklingsselskapet Vanguard Strategy i London.

Direktør for fellestenester, Svein Erik Klemetsen

Klemetsen er utdanna siviløkonom, med master i bedriftsleiing (MBA) frå Lunds Universitet i Sverige. Han har lang medieerfaring frå Orkla Media, Schibsted ASA og Dagbladet / Aller Media. Klemetsen har jobba i fleire selskap som økonomidirektør (CFO) og hatt fleire roller innanfor forretningsutvikling, IT/administrasjon og HR.