1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

9 000 Trondheims-elevar skal lære å bruke hue på nett

Bruk hue-logo

Trondheim kommune satsar stort på kunnskap i kampen mot nettmobbing. No har dei invitert Noregs største skuleturné mot nettmobbing til byen for at alle barn og foreldre skal forstå meir og gjere meir.

Det er fyrste gong Bruk Hue-turnéen får sjansen til å møte absolutt alle elevane i ein by eller ein kommune. Det er eit fantastisk utgangspunkt for å jobbe vidare mot nettmobbing, så dette gler vi oss verkeleg til, seier leiar for Samfunnsansvar og berekraft i Telenor, Ana Brodtkorb. 

Det fyrste Bruk Hue-foredraget i Trondheim vil haldast på Hoeggen skule 13. oktober. Deretter vil alle elevar mellom 6. og 10. trinn få oppleve Bruk Hue, anten på eigen skule eller på naboskular, og på kveldstid vil foreldra bli inviterte. Til saman er det potensielt 27 000 trønderar som vil ha høyrt og opplevt Bruk Hue, og ha eit felles utgangspunkt for å seie nei til nettmobbing.

Vil ha eit felles fundament for alle foreldre og barn i byen

Det er koordinator May-Iren Skamfer Evensmo ved Oppvekstkontoret i Trondheim kommune som har ønskt Bruk Hue til Trondheim og til alle elevane i kommunen. Denne storstilte satsinga har bakgrunn i at både elevar og foreldre har etterlyst kunnskap og rettleiing om nettvit og nettmobbing. Bruk Hue er eitt av fleire tiltak som kommunen no set i gong.

– Bruk Hue-opplevinga vil vere sjølve fundamentet for det vidare arbeidet i kommunen. Derfor er det viktig for oss at ALLE elevane opplever foredraget. Men, det er nesten like viktig at foreldra kjem på foredraget på kveldstid. Her vil foreldra få viktig innsikt i kvardagen til barna sine på nett og eit godt fundament for å ta den digitale samtalen både med barna sine. Så eg vil oppmode alle foreldre til å kome på kveldsforedraget, eg garanterer at de vil lære noko nytt, seier May-Iren Skamfer Evensmo.

Nytt foredrag for barn frå 11 år og oppover

Bruk Hue har turnert ungdomsskular sidan 2009, men denne hausten blir det lansert eit eige foredrag utvikla for dei litt yngre, og no inkluderast barn ned til 6. trinn på barneskulen. Sett bort frå arrangementet i Oslo 8 .oktober, blir ungane i Trondheim dei fyrste i Noreg som får oppleve dette nye foredraget.

– Tre av fire 9 til 12-åringar har sin eigen smarttelefon, seier Berit Andersen i Medietilsynet. – Då er det klart at denne aldersgruppa må få meir rettleiing og merksemd, både frå oss i Bruk Hue og foreldra og lærarar. Vi er veldig glade for dette nye foredraget og meiner at tidleg medvitsgjering og kunnskap om korleis dei skal bruke media er heilt sentralt, seier Andersen.

Dette er Bruk Hue:

  • Bruk Hue er Noregs største skuleturné mot nettmobbing. Telenor, Røde Kors v/Kors på halsen, Medietilsynet og Barnevakten samarbeider om å kjempa mot digital mobbing gjennom ein landsdekkjande skuleturné som har vore på 617 skular, og nått 180 000 elevar og 37 000 foreldre over heile landet sidan 2009
  • Skuleturnéen har som mål å gi meir kunnskap og økt medvitsgjering om korleis foreldre og barn kan identifisere og handtere nettmobbing
  • Det nyttar: 7 av 10 barn og unge seier Bruk Hue har gjort dei betre rusta til å handtere digital mobbing. 9 av 10 foreldre seier dei lærte noko nytt

For meir informasjon om Bruk hue, ta kontakt:

Ana Brodtkorb, leder for samfunnsansvar i Telenor, tlf: 90209832, eller epost: ana.brodtkorb@telenor.com

Berit Andersen, seniorrådgiver i Medietilsynet, tlf 45201620, epost: berit.andersen@medietilsynet.no

Røde Kors pressevakt, tlf: 94872999, eller epost: media@redcross.no

Kjellaug Tonheim Tønnesen, rådgiver i Barnevakten, tlf: 47474345, eller epost: kjellaug@barnevakten.no