1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Frist 1. april: årsmelding for lokalkringkasting og registreringspliktig kringkasting for 2015

Elektronisk skjemaløsning for Medietilsynet

Skjema for årsmelding 2015 for lokalradio, lokal-tv og registreringspliktig kringkasting er no klart og ligg tilgjengeleg på nett.

Skjemaet for årsmelding skal fyllast ut elektronisk her.

Medietilsynet viser til § 7-11 i kringkastingsforskrifta, som pålegg konsesjonærane å sende årsmelding om verksemda til Medietilsynet innan 1. april kvart år.

Årsmeldingane skal gi bransjen og myndigheitene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen. Kvaliteten på dei meldingane vi får er avgjerande for å kunne gi eit riktig bilete. Rapporter frå den einskilde konsesjonæren blir ikkje offentleggjort.

Dersom du har fleire konsesjonar, må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkludert separate nøkkeltal for økonomien i kvar konsesjon i 2015.

Medietilsynet har sendt brev til den einskilde kringkastar per e-post.

Innleveringsfrist er 1. april 2016.