1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2016

Nytt fra Medietilsynet

Radiostasjonar sender ikkje for mykje reklame

Det er ikkje for mykje reklame i sendetida til radiostasjonane. Bilde: Medietilsynet

Konklusjonen frå undersøkinga som Medietilsynet har gjennomført, viser at radiostasjonane overheld kravet om at det ikkje må sendast for mykje reklame.

 

Medietilsynet gjennomførte i mai eit tilsyn overfor eit utval radiostasjonar. Desse var Nea Radio, Radio102, P4 Radio Hele Norge, P5 Radio Halve Norge og Radio Norge. Tilsynet ville undersøkje om radiostasjonane overheld ei føresegn i kringkastingsforskrifta som seier at total reklametid per klokketime ikkje skal overstige 12 minutt og at reklameinnslaga heller ikkje skal utgjere meir enn 15 prosent av den daglege sendetida. Heilt konkret ville tilsynet vite kva rutinar og system kringkastarane har for å sikre at denne «volumregelen» blir overhalden.

Medietilsynet fann at alle radiostasjonane som blei kontrollerte hadde tilfredsstillande system for å vareta dei krava som blir stilte i kringkastingsforskrifta § 3-1.