1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2017

Nytt fra Medietilsynet

Økonomien til lokalkringkastarane 2012 til 2016

Inntektene sokk for alle typar lokalradioar i 2016, og alle dei viktigaste inntektskjeldene (reklameinntekter, bingoinntekter og inntekter frå frivillig lisens og gåver) hadde ei negativ utvikling frå 2015 til 2016.

Dei samla reklameinntektene til lokalradioane sokk med 14,6 prosent siste år, frå 231 til 194 millionar kroner. Hovudtyngda av reklameinntektene går til radioar som tar del i eit nasjonalt nettverk. I 2016 hadde desse radioane 113 millionar kroner i reklameinntekter. Det utgjorde vel 95 prosent av dei totale driftsinntektene til desse radioane.

I 2016 var den samla omsetninga til lokal-tv-ane 30 millionar kroner, 2 millionar mindre enn i 2015.

Medietilsynets rapport om økonomien i norske medieverksemder blir i år publisert i tre delar:

Delrapport 1: Økonomien i avishusa
Delrapport 2: Økonomien til lokalkringkastarane

Heile rapporten er tilgjengeleg i slutten av oktober.

Kontaktperson: Tor Erik Engebretsen