1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Lokale lyd- og bildemedium kan søke tilskott for 2018: digitalisering av radio og norsk musikk er prioritert

Søk om tilksott lokale lyd- og bildemedier 2018

Lokale lyd- og bildemedium kan no søke tilskott til blant anna programutvikling og drift.  Digitalisering av lokalradio og prosjekt som vektlegg norsk musikk er særleg prioriterte. Søknadsfrist er 1. desember 2017.

Nytt for årets utlysing er at regjeringa ønsker at søknader som stimulerer til bruk av norsk musikk blir prioriterte ved tildeling av tilskottsmidlar til programproduksjonar og utviklingsprosjekt.  

Du kan søke om: 

  • investeringstilskott til digitalisering av lokalradio 

  • driftstilskott til nasjonale sammenslutningar for lokale lyd- og bildemedium 

  • driftstilskott til lokalradioer for etniske og språklige minoritetsgrupper 

  • prosjekttilskott til lokale programproduksjonar 

  • prosjekttilskott til tiltak som aukar kompetansen 

  • prosjekttilskott til utviklingsprosjekt 

Søknadsfristen er 1. desember 2017  
Svar på søknadane kan forventast i februar 2018. 

Medietilsynet fattar vedtak etter at søknadane er behandla av Fagutvalet for tilskott til lokale lyd- og bildemedium. 

Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen til dei lokale lyd- og bildemedia i samfunnet.   

Regjeringa har ei målsetting for denne tilskottsordninga at den skal bidra til digitaliseringa av lokalradio i Noreg, og derfor blir halvparten av midlane øyremerkte til dette formålet.   

Har du spørsmål, ta kontakt med Jørgen Abelsen  eller Tor Erik Engebretsen 

  Abonner på nyheter (RSS)