1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Barn og medier

Barn og medier

Barn og skjermbruk (7–12 år)

Tre jenter i 10  -12-årsalderen ser på mobilene sine og ler. Foto Kine Jensen/ Medietilsynet

Det er mange ting å tenke på når barna blir aktive nettbrukarar, og det kan vere vanskeleg for foreldre å henge med. Her finn du råd og rettleiing til deg som har barn mellom 7 og 12 år. Vi gir deg råd og tips til korleis dykk saman kan skape gode vanar - og korleis du som vaksen kan vere ein god rollemodell.

Dette bør du vite når barnet ditt blir nettbrukar

Desse tipsa og råda er meinte for deg som er forelder eller vaksen som jobbar med og for barn mellom 7 og 12 år. Både skular, FAU, helsestasjonar og andre kan ha nytte av denne informasjonen. Du kan bestille fysiske brosjyrar kostnadsfritt her, eller laste ned brosjyren digitalt:

Last ned "Det er så mye foreldre ikke forstår"

10 kjappe: Grunnleggande for respekt og forståing

Vis interesse for barnet: snakk saman og involver deg.

Hugs at barn bruker digitale medium av same grunn som vaksne: For å søke informasjon, lese nyheiter, bli underhalden, leike, slappe av og vere i kontakt med venner.

Anerkjenn at digitale og sosiale medium er ein viktig del av barn sine sosiale liv og tilgang til fellesskapet.

Vurdér om det er lurt med mediefrie soner eller tidsavgrensingar på bruk.

Vêr sjølv ein god rollemodell når det gjeld tidsbruk og det å vere nærverande.

Lær barna gode vaner på nett; som å snakke og oppføre seg pent, ikkje dele privat informasjon, sin frå til ein vaksen ein stolar på om uønskte hendingar og eventuelt blokkere menneske som er ubehagelege eller truande.

Hjelp barnet med å løyse konfliktar på nett, slik som elles i livet.

Gjer deg kjend med sosiale medium, spel og andre digitale tenester som barnet ditt ønsker å bruke.

Hjelp barnet med personverninnstillingane på sosiale medium.

Lag regler om kjøp av appar og «in-app-kjøp».

Som forelder eller voksen rundt barn er du en utrolig viktig rollemodell.
Hva du sier, skriver og praktiserer i egen mediebruk spiller en stor rolle.