1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Barn og medier

Barn og medier

Slik fungerer Omegle

Foto: bilde av logoen til chattetjenesten Omegle

Mange foreldre og vaksne som jobbar med barn har høyrt om «Omegle», og nettsida blir til tider omtalt i media. Men kva er det eigentleg? Her vil me gi nokre svar til deg som lurer.

Omegle er ei nettside som er spesifikt designa for å la framande snakka med kvarandre. Omtrent som den gamle kontakt-telefonen i tida der vi hadde fasttelefonen. Nettsida set saman tilfeldige brukarar som kan snakka med kvarandre anten via tekst eller video. Tenesta er gratis og anonym, utan noka form for registrering eller aldersstadfesting. Det har gjort mange bekymra for tryggleiken til barn og unge.

Kvifor er det så mange unge som bruker Omegle?

Spenninga ved å treffa på framande på nett og ikkje vite kven du skal snakka med, er høgst sannsynleg ein av hovudgrunnane til at unge menneske vel å bruka Omegle. Folk som ikkje kjenner kvarandre kan oppleva å ha meiningsfylte samtalar om viktige tema, nokre gonger kan det vera mykje humor involvert, og sjølvsagt kan det oppstå flørting. Ein får også høve til å snakke med folk frå andre land.

Omegle blir ofte omtalt på TikTok, som fører til at mange barn og unge får med seg at nettsida finst. Enkelte influensarar eller Tiktok-brukarar med mange følgjarar bruker Omegle for å få meir direkte kontakt med fansen. Dei annonserer då for følgjarane sine at dei kjem til å vera på Omegle til ei viss tid og oppmodar fansen til å bruka tenesta samtidig, for eit høve til å kunna bli para opp for ein prat.

Sjølv om Omegle har nokre positive aspekt ved seg, følgjer det også med ei rekkje risikofaktorar ved bruk av tenesta, særleg for barn og unge. Tilgangen på vakse innhald som pornografisk materiale er stor, og nokre vaksne bruker tenesta nettopp for å treffa unge menneske dei kan utnytta på ulike måtar.

Kva bør ein vera klar over?

Kontakt med framande

Omegle er som nemnt laga for at brukarane skal snakka med framande, anten via chattefunksjon eller videosamtale. Chatten er i utgangspunktet alltid anonym, men mange brukarar vel å dela personleg informasjon som namn, alder, lokasjon, e-postadresse, telefonnummer og kallenamn på sosiale medium.

Innhald for vaksne

Innhald for vaksne er utbreidd på Omegle, inkludert pornografi og vaksen språkbruk. Brukarane har ingen kontroll over kva dei kjem til å sjå eller høyra når dei blir sette saman med ein framand. Nokon bruker Omegle nettopp for å delta i samtalar av seksuell natur, eller delta i anna seksuelt innhald, og nokon er ute etter å gjera dette saman med barn og unge.

Mangel på tryggingsinnstillingar

Omegle lèt ikkje brukarane rapportera, varsla eller blokkera chattar som kan vera plagsame, upassande eller ulovlege. Ein kan senda ein e-post dersom ein opplever noko som bryt med retningslinjene deira, men nettsida tek ikkje ansvar for deg som bruker dersom du opplever noko ubehageleg.

I retningslinjene er det sett ei aldersgrense på 18 år, og ved bruk av tjenesten garanterer du som bruker at du er over 18 år. Men det blir ikkje gjort noko aldersverifisering før ein startar å bruka tenesta.

Opptak av chat

Nokre brukarar tek opp eller tek skjermbilete av chattar i Omegle utan at den dei snakkar med veit det eller får høvet til å samtykkja. Det betyr at ein privat 1–1 samtale kan enda opp med å bli sett av mange menneske. Direkte chat gir også ei ekstra utfordring i at ein ikkje kan gjera om på eller ta tilbake noko ein har sagt eller gjort akkurat no.

Medietilsynets råd til foreldre om Omegle

Vurder om barnet ditt er i stand til å takla risikoen ved Omegle

Sjølv om risikoen ved å bruka Omegle ikkje er unik og eksisterer på fleire andre plattformer, gjer mangelen på tryggingsinnstillingar at tenesta er vanskelegare å handtera. Ved bruk av andre tenester tilrår me å bruka foreldrekontroll, og fordi desse er fråverande på Omegle meiner me tenesta er ueigna for barn og unge under 18 år. Politiets råd er at barn og unge under 18 år ikkje bør vere på Omegle.

Ha ein open og ærleg samtale med barnet ditt

Den beste måten du kan tryggja barnet ditt på nett generelt, er å ha ein open og ærleg dialog om deira interesser på nett, inkludert favoritttappar og spel. Ved å visa at du er interessert, vil barn kunna ha lettare for å komma til deg viss det skjer noko ubehaglige eller liknande.

Unngå å snakka om «Omegle» med mindre barnet ditt sjølv nemner tenesta

Ikkje alle barn er interesserte i å bruka Omegle. Ved å spørja spesifikt om denne tenesta rettar du merksemd mot noko dei kanskje ikkje var klar over at fanst. Snakka heller generelt om det digitale livet og forklar det du veit og er bekymra over med Omegle berre viss barnet sjølv nemner det, eller du har ein sterk mistanke om at dei bruker det.

Dersom barnet sjølv snakkar om Omegle

Forklar risikoane utan peikefinger

Ungdom blir foreståelig endå frustrerte dersom dei opplever at foreldre fråtek dei heilt eller delvis tilgangen på det digitale livet utan forklaring. Det kan også føra til at dei finn måtar å komma seg rundt forbod og reglar likevel. Dersom du er ukomfortabel med at barnet ditt bruker Omegle, forklar dine bekymringar på ein ærleg og enkel måte så dei forstår avgjerda di.

Finn alternativ

Det finst mange andre måtar å ha det gøy på online! Hjelp barnet ditt med å finna appar eller tenester som er meir passande for alderen.