1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Dataspill

Dataspill

Dataspel A – Å

Aldersgrenser, spelsjangrar, dei mest populære spela og teknologiane som blir brukte. Her finn du oppdatert innsikt i kva som er mest brukt blant norske barn og unge.

Aldersgrenser på dataspel

Det kan vere vanskeleg å vite kva spel som passar til barnet ditt, og mange barn og unge synest det er spennande å spele spel med høgare aldersgrense.

Medietilsynet rår deg som forelder til å sette deg inn i kva spelet går ut på før du tek ei avgjerd, og er du i tvil – følg aldersmerkinga.

Dataspel får ulike aldersgrenser avhengig av blant anna valdsinnhald, banning og seksuelt innhald. Dette blir merkt på innpakningen til dataspel som blir seld over disk og på nett – også digitalt, for eksempel via Steam. I Europa er det som oftast PEGI (Pan European Game Information) som vurderer innhaldet i spela. Dette er den vanlegaste merkeordninga, men ikkje den einaste, då for eksempel Apple har eigne aldersgrenser.

I Noreg er aldersgrensene på spel ei frivillig ordning og ikkje lovpålagde. Dette betyr at aldersgrensene berre har status som tilrådingar. Det er foreldre som fastset kva spel som passar for barnet sitt. Barn er ulike og har forskjellig tålegrense. Foreldre bør setje seg inn i spelet sitt innhald og deretter ta val på vegner av barnet sitt. Aldersgrensene er sette for å verne barn og unge mot skadeleg innhald.

Funn frå Barn og Medier 2022 viser at mange barn speler spel med 18-års aldersgrense. Det er fleire gutar enn jenter som har spelt spel med 18-års aldersgrense. Blant gutar 9–10 år har tre av ti spelt, blant gutar 11–12 år har om lag halvparten gjort det. Blant gutar på 13–14 år har nesten sju av ti spelt spel med 18-årsgrense.

Når vi spør foreldre kva barna deira speler, ligg delen som har spelt spel med 18-årsgrense mykje lågare, noko som viser at det er viktig at foreldre snakkar med barna om spel og set seg litt inn i dei ulike spela. Ved å forstå kva dei ulike PEGI-merka betyr, kan du få betre oversikt over kva barnet ditt speler.

Eit nytt kriterium som kom frå PEGI i 2020, er at alle nye spel som bedriv direkte opplæring i ekte pengespel – for eksempel poker – automatisk får aldersgrense 18 år.

Dette betyr Pegi-symbola

pegi_3

3 år: Spelet blir vurdert som harmlaust, men det kan likevel vere for vanskeleg for små barn

pegi_7

7 år: Spelet kan verke skremmande på mindre barn

pegi_12

12 år: Spelet kan innehalde ufint språk og valdsskildringar

pegi_16

16 år: Spelet kan innehalde valdsskildringar der du for eksempel kan sjå blod

pegi_18

18 år: Spelet kan vise grove valdsskildringar og vald mot forsvarslause menneske og dyr

vold_pegi.jpg

Spelet inneheld valdsskildringar

rus_pegi.jpg

Spelet kan vise hendingar eller situasjonar der rusmiddel (alkohol, narkotika) blir brukte

gambling_pegi.jpg

Spel som viser eller oppmuntrar til gambling (pengespel)

online_pegi.jpg

Spelet kan spelast online / på nett (via nett/mobilsamband) med andre

diskriminering_pegi.jpg

Spelet inneheld skildringar av mobbing eller diskriminering

grovt_språk_pegi.jpg

Spelet inneheld verbalt eller skrive grovt språk, for eksempel banning

frykt_pegi.jpg

Spelet kan verke skremmande eller vekke frykt

sex_pegi.jpg

Spelet viser nakenskap og/eller seksuell åtferd eller seksuelle hint

PEGI in_game_purchase_60x60.jpg

Spelet inneheld moglegheit for kjøp med pengar

Ulike spelsjangrar

Det finst veldig mange spelsjangrar og det kan til tider vere vanskeleg å vite kva som skil det eine frå det andre. Her får du ei forklaring på dei mest brukte spelsjangrane. 

Skytespel (FPS – First person shooter)

Her har spelaren ofte rolla som soldat i ulike krigssituasjonar. Du speler kortare kampar med opptil 60 andre spelarar på kart med fastsette tidsavgrensingar. Målet er å vinne over fiendar og fullføre oppdrag som å ta over militærbasar eller redde gislar. Spela har høge krav til koordinasjons- og reaksjonsevner, og er ofte konkurranseprega. Sjølv om sjangeren inneheld mykje skyting, kan valdsinnhald og realisme variere stort frå spel til spel.

Eksempel: Counter-Strike: GO, PlayerUnknown’s Battlegrounds, Overwatch, Call of Duty og Battlefield

Battle Royale

Fortnite er det mest populære spelet innanfor denne dataspelsjangeren, som blandar overleving med utforsking og samling av ressursar. Eit høgt tal spelarar konkurrerer mot kvarandre til ein person (eller eitt lag) står igjen som den einaste overlevande. Spelarane blir slopne ut på eit gigantisk kart som stadig krympar etter ei viss tid. Det gjeld å kome seg til ei sikker sone, elles blir figuren såra og etter kvart eliminert i spelet. Du har berre eitt liv, og døyr figuren din er du ute av spelet. Spelarane startar med lite utstyr og må leite etter våpen og anna utstyr, og ein kan ofte stele utstyret til fiendar du har slått ut av spelet.

Eksempel: Fortnite, PUBG, Call of Duty: Black Ops 4, H1Z1: Battle Royale

Fotballspel

Fotballspel har i mange år vore eitt av dei mest populære blant norske barn og ungdomar. Spela har som mål å lage ei realistisk etterlikning av fotball og kjem årleg med ei ny utgåve for å oppdatere både mekanismar, spelarar og divisjonar.

Eksempel: FIFA, Football Manager, Pro Evolution Soccer

MOBA – Multiplayer Online Battle Arena

Spela går ut på at to lag med fem spelarar på kvart lag speler kampar mot kvarandre. Hovudmålet til spelet er å øydeleggje motstandarlaget sin base. Spela er sette til eit fantasiunivers der spelaren ser det som utspeler seg ovanfrå og ned. Kampane varar omtrent 40 minutt og krev at spelaren er tilstades, at du samarbeider, har ein dialog og gode strategiske evner. Spillene er svært konkurransepregede og har et stort fokus på rangering.

 Eksempel: League of Legends, DOTA 2

Sosiale nettverksspel

Dette er ein sjanger som blandar saman mekanismar frå sosiale nettverk og dataspel. Spelaren blir representert i form av ein figur og kan delta i spelaktivitetar. Spela er gratis, men for å utvikle seg raskare eller få tilgang på bestemte gjenstandar må ein betale mindre summar. Denne sjangeren er populær blant jenter i alderen 9–11 år og blir oftast spelt på mobil.

Eksempel: HayDay, Candy Crush, Roblox

Dei mest populære spela i 2022

I Barn og medier 2022 spurte vi 9-18-åringane kva spel dei speler mest.

Blant gutar er det Fortnite, FIFA og Roblox som er på topp, mens hos jenter er det Roblox, Hay Day og Fortnite. Minecraft ligg på topp 5 hos begge kjønn og i alle aldersgrupper.

Her er ei kort skildring av dei ulike favorittspela.

Fortnite

Spelet er i sjangeren Battle Royale og blei lansert i 2017. Det har blitt enormt populært blant barn og unge. Spelet er gratis å laste ned, og tilbyr kjøp i spelet for V-bucks, som kan kjøpast for ekte pengar. Ein runde består av 100 spelarar som kjempar på eit stort område, til ein person eller eitt lag står igjen som overlevande. Du kan spele aleine (alle mot alle), par mot par (duo), eller i eit «squad» (lag). Du startar utan ressursar og må skaffe deg våpen og utstyr, samtidig som området krympar og du må bevege deg. Fortnite kan gi stor meistringskjensle for den som står igjen som vinnar, og kvar runde du speler blir unik.

Anbefalt aldersgrense 12 år.

FIFA

Spelserien FIFA har i mange år vore ein av dei mest populære blant norske barn og ungdomar. Spela har som mål å lage ei realistisk etterlikning av fotball og kjem årleg med ei ny utgåve for å oppdatere både mekanismar, spelarar og divisjonar. Spelet kostar pengar å kjøpe, og det er moglegheit for kjøp av spelpakkar og anna i spelet. FIFA har fått kritikk for kjøpepress for å få tak i betre spelarar.

Anbefalt aldersgrense 3 år.

Counter Strike: Global Offensive

Dette er innanfor sjangeren fyrsteperson skytespel (First Person Shooter), og du kjempar med våpen i eit realistisk univers mot menneskeliknande karakterar. CS:GO er populært i spelturneringar og e-sport, og blir spelt mellom to lag – terroristane på den eine sida og anti-terroristane på den andre. Det laget som når oppdraget sitt eller har spelarar igjen til slutt, vinn runden. Blir ein drepe undervegs er ein ute av runden. Spelet gir deg moglegheit til å kjøpe og selje våpen i spelet. Det er vanleg å delta på den interne chatten, då koordinasjon og reaksjon er svært viktige for taktikken.

Anbefalt aldersgrense 18 år.

Minecraft

Meir enn ti år etter lansering er framleis dette spelet svært populært. Minecraft kjem på topp 5 av dei mest populære spela blant begge kjønn og i alle alderskategoriar 9–18 år. Dette spelet blir ofte samanlikna med leiken som skjer i sandkassa eller med Lego. Når du speler bruker du byggeklossar og forskjellige komponentar for å lage alt frå møbel til å gjenskape historiske monument. Universet er tydeleg animert. Sjølv om spela stort sett er kjende for kreativ utfolding, kan dei også ha moglegheiter for utforsking og kamp mot monster eller andre spelarar. Den vedvarande populariteten kan kanskje forklarast med at det er eit ope spel med mange moglegheiter, er godt eigna for samarbeid, og at nokre av dei største gamer-youtubarane i verda speler det. Det er også mykje brukt på skular. Minecraft har over 125 millionar månadlege brukarar over heile verda.

Anbefalt aldersgrense er 7 år.

Roblox

I Roblox er det ikkje eitt – men tusenvis av brukargenererte spel, som byr på utforsking og medverknad i eit sosialt nettsamfunn. Det er i utgangspunktet gratis å spele, men ein kan kjøpe valutaen Robux og kjøpe gjenstandar i mange spel. Grafikken er enkel og fargerik, og spela er av ulike sjangrar. Er barnet under 13 år kan foreldre sette opp ulike grenser for kontoen.

Anbefalt aldersgrense vil variere frå spel til spel inne på Roblox.

Hay Day

Hay Day er eit populært mobilspel som har vore på marknaden sidan 2012. Spelet er ein gardssimulator, der du plantar trær og mat, oppfostrar dyr, sel produkta du produserer, konkurrerar med nabogardene og mykje meir. Spelet er gratis å spele, med moglegheit for kjøp i spelet.

Anbefalt aldersgrense er 3 år.

Andre spel som er populære er Call of Duty, Grand Theft Auto, The Sims og Candy Crush.

Om dataspel og teknologi

Termen dataspel blir brukt om alle formar for digitale spel, anten det er tv-spel med spelkonsollar, spel på data, nettbrett eller mobil.

Konsollar

I dag er det hovudsakleg tre aktørar på det norske konsollmarknaden. Desse er Sony med sine PlayStation-maskiner, Microsoft med Xbox og Nintendo med Switch. Alle desse tilbyr kjøp av spel digitalt og det må opprettast brukarkonto av ein ansvarlege vaksen.

Spel på PC

Speling på PC skjer ofte med mus og tastatur, men det er også mogeleg å bruke kontrollere og andre styremekanismar. Steam er den største digitale spelbutikken på PC og fungerer i tillegg som ei digital plattform der spelarar kan kommunisere med venner, diskutere med andre og lese om spel. Spel på PC kan vere meir krevjande for foreldre å følgje med på då det ikkje har like strengje krav til aldersmerking som konsollar og mobile plattformer. Spel på PC er populært både blant gutar og jenter i Noreg.

Mobil og nettbrett

9 av 10 norske barn i alderen 10 år har tilgang på eigen smarttelefon. Det er derfor ikkje så rart at speling på mobilen er populært blant norske barn og unge. Mobilspel er lett tilgjengelege, enkle å kome i gong med og ofte gratis. Sjølv om mange mobilspel i utgangspunktet er gratis, er det vanleg at spelaren blir tilbydd digitale varer som kostar ekte pengar. For dei yngste kan dette vere forvirrande og noko som det er viktig for foreldre å setje grenser for og følgje med på. HayDay, Subway Surfers og Toca Boca er nokre eksempel på populære mobilspel blant norske barn (Barn og Medier 2022).

Virtual reality

Virtuell røynd er ein teknologi som gir spelaren inntrykk av å vere fysisk tilstades i ei virtuell verda. Opplevinga blir skapt ved bruk av spesielle VR-briller som inneheld to små skjermar. Sanseinntrykket skjermane skaper saman lurer hjernen til å tru at innhaldet er ekte, sjølv om brukaren eigentleg veit at det ikkje er ekte. Teknologien er mest kjend for også brukt til heilt andre formål slik som opplæring og simulering i arbeidslivet som opplæring og simulering i arbeidslivet. Eksempel: Playstation VR, Oculus Rift, HTC Vive, Samsung Gear VR.