1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Kritisk medieforståelse

Kritisk medieforståelse

Nasjonalt nettverk for kritisk medieforståing

Medietilsynet etablerte i oktober 2020 eit nasjonalt nettverk for kritisk medieforståing. 25 ulike organisasjonar eller verksemder er representerte i nettverket som skal bidra til kunnskapsutveksling, samarbeid og tiltak for å auke den kritiske medieforståinga hos ulike grupper i befolkninga.

Kritisk medieforståing handlar om den kompetansen vi som mediebrukarar treng for å kunne navigere både aktivt og trygt i eit stadig meir komplekst medielandskap, som for eksempel kunnskap om kjeldekritikk. Å bidra til å utvikle kritisk medieforståing i befolkninga er eit prioritert arbeidsområde for Medietilsynet, og annakvart år gjennomfører tilsynet ei omfattande befolkningsundersøking om temaet. Den viser blant anna at eldre er ei digitalt sårbar gruppe, som i mindre grad enn befolkninga generelt klarer å avsløre falske nyheiter. Område som blir kartlagde er blant anna falske nyheiter, kunnskap om kommersielle sider av media, personvern, tillit til media, og kjeldeforståing. 

Nettverket er ein bidragsytar til område tilsynet bør sjå nærmare på, utvikling av tiltak og ressursar - og ikkje minst utveksling av kunnskap og idéar.

Medlemer av nasjonalt nettverk for kritisk medieforståing: 

Datatilsynet  Dag Grytli
DSB Direktoratet for samfunnsikkerhet og
beredeskap 
Tore Kamfjord
Facebook Norge  Marianne Neraal
Faktisk.no  Silje Sjursen Skiphamn
Høyskolen Kristiania  Bente Kalsnes
Kommunal- og moderniseringsdepartementet  Siri Dolven
Kulturdepartementet  Tove Tennbakk
Landslaget for lokalaviser (LLA)  Tomas Bruvik
Mediebedriftenes landsforening (MBL)  Veslemøy Rysstad
Medietilsynet  Tone Haugan Hepsø
Nasjonal digital læringsarena (NDLA)  Albertine Aaberge
Norsk Bibliotekforening  Ann Berit Hultin / Vidar Lund
NRK  Siri Antonsen
NSM Nasjonal sikkerhetsmyndighet  Roar Thon og Trond Øvstedal
NTNU, Institutt for pedagogikk og livslang læring

Daniel Schofield og Vegard Frantzen
Safer Internet Center Berit Andersen
Seniornett  Kristin Ruud
SIFO Senter for forbruksforskning  Dag Slettemaas
Teknologirådet  Marianne Barland
UiB, institutt for medievitenskap  Synnøve Skarsbø Lindtner
UiO, Institutt for medier og kommunikasjon  Petter Brandzæg
UiO, Institutt for pedagogikk  Ola Erstad
Utdanningsdirektoratet  Lars Gimse

For spørsmål om nettverket, ta kontakt med: Thea Grav Rosenberg