- Startsiden
- Mediestøtte
- Tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
- Rettleiar-Tilskott samiske aviser
Sist oppdatert: 10. mars 2026
Redaksjonelle årsverk
Forskrift om tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium § 3 bokstav d definerer kva som siktar ein til med redaksjonelle årsverk:
redaksjonelle årsverk: antall lønnede faste og midlertidige ansatte som har innholdsproduksjon og det redaksjonelle sluttproduktet som hovedoppgave
Følgjande funksjonar skal takast med:
- Journalistar
- researcherar
- redaksjonsassistentar
- kommentatorar
- fotografer
- redigerarar
- deskmedarbeidarar
- redaksjonelle utviklarar
- redaktørar og andre redaksjonelle leiarar
- vaktsjefar, frontsjefar, produsentar av lyd og bilete.
Lista over funksjonar er ikkje uttømmande og vil endrast over tid.
Ansvarleg redaktør skal teljast med som eitt årsverk, dersom vedkommande ikkje er tilsett i redusert stilling. Det gjeld også i verksemder med enleder-modell.
Der redaksjonelt tilsette har permisjon heile eller delar av året skal årsverket takast med dersom nokon vikarierer i stillinga (dvs. at vikaren ikkje blir teken med). Dersom redaksjonelt tilsette er sjukmelde og blir erstatta av vikar skal berre ein av desse takast med, slik at ikkje stillingsbrøken til den som er fråverande blir overstigen.
Tilkallingsvikarar skal ikkje takast med der dei erstattar årsverk som allereie er teke inn i rapporteringa. Der tilkallingsvikarar, eller andre vikarar, fyller opp ledige stillingar eller på annan måte ikkje erstattar andre tilsette skal dei takast med.
Frilansarar blir ikkje talde med i berekninga av redaksjonelle årsverk.
Hold deg oppdatert på hva som skjer i Medie-Norge med Medietilsynets nyhetsbrev: 📰Abonner på nyhetsbrevet her