Støtteordninga skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.
Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegge kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søker skal få.
Du kan søke støtte kvart år, og neste søknadsfrist er 14. april 2023.
Last ned søknadsskjema her:
Søknadsskjema for samiske aviser - bokmål (PDF)
Søknadsskjema for samiske aviser - nynorsk (PDF)
Samiske aviser:
Med samiske aviser meiner ein nyheits- og aktualitetsmedier som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. Avisa må utkomme regelmessig med minst 48 utgaver per år og ha et gjennomsnittlig opplag på minst 750.
Tilskotet til samiske aviser er ikkje plattformnøytralt. Nettutgåver av dei samiske avisene tel derfor ikkje med når ein skal rekne ut tilskotet til samiskspråklege sider.
Geografisk dekning:
Aviser som blir utgitt i eller har stor dekning innanfor dei lule- eller sørsamiske kjerneområda, og som publiserer eigenprodusert nyheits- og aktualitetsstoff på lule- eller sørsamisk.
Søknadsfrist: årleg, medio juni. For 2022 er søknadsfrist 10. juni. Ordninga tildelast ein gong i året, og søknadsfrist er omtrentlig lik kvart år.
Behandlingsperiode: ca. 10. juni – 15. november årleg (avvik kan skje).
Tildeling: 15. november (avvik kan skje).
Har du spørsmål, ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.
Klagefrist: 3 veker frå vedtaksdato. Send klage til post@medietilsynet.no
Det er mulig å klage på vedtaket. Dersom du vil klage, må klagen sendes inn til post@medietilsynet.no
Klaga blir behandla av Medietilsynet. Opprettheld vi avgjerda vår, blir klaga send til Medieklagenemnda for endeleg vedtak.
Nyhets- og aktualitetssaker om støtte til samiske aviser
2023:
Samiske aviser kan søke om 40 millionar kroner
2022:
Samiske aviser kan søke om 39 millionar kroner
2021:
Samiske aviser kan søke om 36 millionar kroner
2020:
Medietilsynet skal fordele 34 millionar til samiske aviser