- Startsiden
- Mediestøtte
- Tilskot til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
- Rettleiar-Tilskott samiske aviser
Sist oppdatert: 10. mars 2026
Slik søker du om tilskott til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
Rettleiing for søkarar til tilskott til samiske nyheits- og aktualitetsmedium
Opprette brukar
Gå hit for å opprette brukar for “Mi side” og for å finne søknadsskjema.
Autentisere og logge på
Når du har oppretta bruker for «Mi side» vil du få ein e-post. Følgje stega i denne e-posten for å bekrefte brukaren din.
Passord blir oppretta første gong du skal logge inn. Når passordet er oppretta vil du få melding om å skrive inn ein sikkerheitskode. Denne vil bli send på den e-postadressa du er registrert med hos Medietilsynet.
Dersom du ikkje får e-postane i teksten ovanfor kan det vere lurt å sjekke spam-filteret ditt. Ta kontakt med minside@medietilsynet.no dersom e-postane ikkje er å finne nokon stad.
For framtidige påloggingar til «Mi side»
- Gå til https://medietilsynet.my.site.com/
- Skriv inn e-postadresse (brukarnamn) og passordet du sjølv har laga
- Du vil få ein sikkerheitskode på e-post. Skriv inn den 6-sifrede koden frå denne e-posten og klikk «Neste».
- Nå skal du vere logga inn på «Mi side».
Du vil få tilsendt ein ny sikkerheitskode kvar gong du skal logge deg på.
Fyll inn søknad
- Klikk på «Støtte- og tilskottsordningar»
- Vel «Tilskott til samiske nyheits- og aktualitetsmedium»
- Førstesida i søknaden viser kortfatta informasjon om ordninga, og linkar til gjeldande forskrift og relevante retningslinjer. Vel vegen vidare via knappane på høgre side. Denne forklaringa tar vidare for seg valet «Søk tilskott».
- Fyll ut sidene i søknadsskjemaet ved å velje svaralternativ i nedtrekkmenyar eller fylle ut svarfelt. Påkravde felt er merkt med stjerne*. Det vil vere rettleiingstekst og informasjon undervegs i skjemaet. Det kan dukke opp nye felt basert på informasjonen du gir i skjemaet. Du kan gå fram og tilbake i skjemaet.
- På sidan for «Informasjon om revisor» fyller du ut informasjon om revisor. Dersom denne revisoren ikkje blir vist på slutten av søknadsprosessen på sida «Avslutning», ta kontakt med Medietilsynet for å gi revisoren tilgang.
- Når du har fylt ut søknaden og klikka deg ferdig vil ein e-post bli send til revisoren du har oppgitt. Revisor skal logge seg inn og bekrefte opplysningar, og du vil få tilbakemelding per e-post når dette er gjennomført (godkjent eller ikkje godkjent). Dersom søknaden ikkje blir godkjent av revisor, må du endre søknaden i samsvar med tilbakemelding og sende inn på nytt.
- Når søknaden er endeleg godkjent av revisor er han klar for å bli behandla i Medietilsynet. Søkar får samtidig ein e-post med all informasjon på saka.
Nye søkarar vil bli kontakta av opplagskontrollen i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for opplagskontroll osv.
Har du spørsmål? Kontakt tilskuddsamiskemedier@medietilsynet.no
Hold deg oppdatert på hva som skjer i Medie-Norge med Medietilsynets nyhetsbrev: 📰Abonner på nyhetsbrevet her