1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Avisene kan søke om 440 millionar i produksjonstilskott

Mann med blå skjorte noterer på en blokk mens han holder en mikrofon i den andre hånden.

Medietilsynet opnar nå for søknader om årets produksjonstilskott, som er den største direkte mediestøtteordninga for norske aviser.

Produksjonstilskottet bidrar til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga likestiller papir- og nettaviser, og det er Medietilsynet som forvaltar ordninga.  

Støtta er i år på om lag 440 millionar kroner, mot 424 millionar kroner i fjor.    

Søknadsfristen er 17. mars. 

Nye søkarar må melde seg 

Søkarar som ikkje har fått produksjonstilskott tidlegare, må melde frå påproduksjonstilskudd@medietilsynet.no innan 3. mars.  

Medietilsynet er avhengig av økonomisk informasjon om avisene frå føregåande år før vi kan gjere ferdig saksbehandlinga. Denne informasjonen er først tilgjengeleg etter sommaren. Endeleg vedtak om kven som får produksjonstilskott for 2025, kjem derfor til hausten. 

Fakta om produksjonstilskottet:  

  • Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år er støtta på 440,6 millionar kroner.   
  • I fjor blei støtta fordelt på 162 aviser. Kor mange aviser som får støtte i år, og kor mykje dei får, blir klart til hausten.  
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt for første gong i 1969.  
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.  
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.  
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i  forskrifta om produksjonstilskott i nyheits- og aktualitetsmedium, som seier noko om blant anna innhald, tal på eigenproduserte saker, tal på abonnentar og driftsøkonomi.

  Abonner på nyheter (RSS)