1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Dei yngste er mest positive til mobilfri skole

Fra klasserom. Nærmest kamera er det to hender som holder i en mobiltelefon under pulten. Uklart i bakgrunnen står en lærer ved tavla med ryggen til.

Elevar i barneskolen ser i større grad enn elevar i ungdomsskolen og vidaregåande skole fordeler ved mobilfri skole. Det viser tal frå Medietilsynets undersøking Barn og medier 2024.

Dei yngste elevane ser fleire positive effektar av å ikkje ha mobilen tilgjengeleg.

– Fordeler som blir framheva er at det er lettare å konsentrere seg, at dei presterer betre på skolen, og at det blir meir ro i undervisninga. Dei yngre elevane seier seg også i større grad enn dei eldre einige i at dei snakkar meir med medelevane sine, at det blir mindre mobbing og at dei opplever mindre press og stress utan tilgang på mobil, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet . 

Sju av ti elevar på barne- og ungdomsskolen svarer i undersøkinga at dei ikkje har tilgang til mobilen på skolen, mot berre to prosent av elevane i vidaregåande skole .

Dei eldste er mest positive til å ha tilgang på telefon

Dei eldste elevane ser i større grad enn dei yngre positive sider ved å ha mobilen tilgjengeleg også i skoletida.

– Elevar på ungdomsskolen og vidaregåande skole meiner i større grad enn barneskoleelevar at mobilen er eit arbeidsverktøy, at det er upraktisk å ikkje ha tilgang på han og at mobilen gir dei moglegheit til å kople av mellom skoletimane. Dei meiner også at mobilen gir dei tryggleik i sosiale situasjonar, seier Velsand.

Det er små kjønnsforskjellar, men ein noko større del jenter enn gutar er einige i påstandane “Mobilen gir meg moglegheit til å kople av mellom skoletimane”, “Uten tilgang til mobilen konsentrerer eg meg lettare” og “Mobilen gir meg tryggleik når eg kjenner meg utanfor i det sosiale miljøet på skolen ”. 

Fleirtalet på vidaregåande ønsker ikkje strengare reglar

Av respondentane i vidaregåande skole svarer åtte av ti at reglane for mobilbruk på skolen ikkje bør vere strengare. Éin av ti ønsker strengare reglar i undervisningstida, men ikkje i heile skoletida.

Undersøkinga gjord før restriksjonar  og forbod 

Data til Barn og medier 2024 er henta inn første kvartal i år, altså før og samtidig som fleire skolar, etter oppfordring frå Utdanningsdirektoratet, innførte restriksjonar og før nokon kommunar innførte mobilforbod på grunnskolane. 
I ei fersk undersøking Utdanningsdirektoratet står bak, svarer 96 prosent av respondentane at det nå er innførte restriksjonar ved grunnskolane deira.

Du finn rapporten her.

Fakta:

  • Undersøkinga Barn og medier 2024 er gjennomført av Verian på oppdrag frå og i samarbeid med Medietilsynet.
  • Barn og medier-undersøkinga blei gjennomført første gong i 2003, og er gjennomført annakvart år frå 2006. Formålet med undersøkinga er å gi innsikt i korleis barn og unge reflekterer rundt eigen mediebruk.
  • Årets datainnsamling blei gjennomført i første kvartal 2024, på 122 ulike skolar spreidde over heile landet. 3212 barn i alderen 9-18 år har deltatt i kartlegginga.
  • Fleire 9–10-åringar har tilgang på skole-pc eller skole-nettbrett i 2024 enn dei hadde i 2022.
  • Sju av ti barne- og ungdomsskoleelevar oppgir at det er mobilforbod i heile skoletida. Blant vidaregåandeelevar er det berre to prosent som har totalforbod mot mobil, og halvparten har berre mobilforbod i skoletimane.
  • 80 prosent av vidaregåandeelevar som berre har mobilforbod i undervisninga eller ikkje har nokon faste mobilreglar, ønsker ikkje strengare mobilreglar.
  • Barneskuleelevar er meir positive til mobilforbod og ser fleire fordelar ved avgrensa tilgang på mobil enn elevane på ungdomsskulen og i vidaregåande. Ungdomsskoleelevane er også litt meir positive til dette enn vidaregåandeelevane.

  Abonner på nyheter (RSS)