Nyhetssaker
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 2024
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Å føre tilsyn med at regelverk blir følgt er ein av Medietilsynets kjerneoppgåver. Tilsynsåret 2025 var blant anna prega av regelendringar og nye krav, noko som gjorde at Medietilsynet i tilsynsarbeidet la stor vekt på å gi informasjon og rettleiing.
– Medietilsynet vel som hovedregel dialog og rettleiing som første løysing når vi oppdagar brott på reglane. Det låge talet på sanksjonar viser at vi kom langt i dialogen med aktørane i fjor, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Dei tre sanksjonane som blei gitt, var to åtvaringar for brott på bildeprogramlova og eitt gebyr for brott på kringkastingslova.
Mange tilsynsaktivitetar
Medietilsynet fører tilsyn med kringkastingsregelverket, bildeprogramlova, vallova og reglane for mediestøtte. I fjor blei det gjennomført 30 tilsynsaktivitetar, tre færre enn året før.
Det blir framleis ført flest tilsyn med kringkastingslova, men talet har sokke frå toppåret i 2023, mens tilsyn med bildeprogramlova har auka jamt dei siste åra. I 2025 blei det ført 16 tilsyn med kringkastingslova og 12 tilsyn med bildeprogramlova. I tillegg blei det på valdagen i september ført tilsyn med vallova, og det blei gjennomført ein kontroll med utvalde mottakarar av mediestøtte.
Mange av tilsyna med kringkastingsregelverket er knytte til korleis tilbydarane følgjer reglane om reklame, sponsing og produktplassering.
– Formålet med desse reglane er blant anna å beskytte publikum mot for stort kommersielt trykk og gjere dei merksame når dei blir utsette for kommersielle bodskap, seier Sekkelsten.
Medietilsynet har faste kontrollar med korleis reglane for reklame, sponsing og produktplassering blir følgde opp knytt til nylanseringar av ulike tv-programseriar kvar vår og haust. Medietilsynet har også i 2025 ført tilsyn med korleis desse reglane følgs i sendingar frå store idrettsarrangement.
Rettleiing om aldersgrenser
Etter ei lovendring gjeldande frå 2024 set distributørane nå sjølve aldersgrenser på kinofilmar, mens Medietilsynet fører tilsyn ved mistanke om feil aldersgrense.
I 2025 blei det ført tilsyn med ni kinofilmar. I seks tilfelle vurderte Medietilsynet at aldersgrensa på filmen var i strid med retningslinjene. Medietilsynet gav rettleiing i 39 saker, og i alle tilfella blei Medietilsynets vurdering følgd.
For første gong førte Medietilsynet i fjor tilsyn med ein reklamefilm på kino. Nordisk Film Kino fekk sanksjon i form av åtvaring for brott på regelverket for tilknytt materiale, etter at dei viste ein reklamefilm som ikkje var tilpassa den oppsette filmens aldersgrense på 6 år. Det er første gong ein kino er sanksjonert etter bildeprogramlova.
Heile «Tilsynsrapporten 2025» finn du her.
Fakta om Medietilsynets tilsynsaktivitetar i 2025:
- Det blei gjennomført 30 tilsynsaktivitetar: 16 tilsyn etter kringkastingsregelverket, 12 etter bildeprogramlova, eitt etter valglova og i tillegg førte Medietilsynet kontroll med eit utval aktørar som fekk produksjonstilskott.
- Det blei gitt tre sanksjonar, to åtvaringar for brott på bildeprogramloven og eitt gebyr for brott på kringkastingsregelverket.
- Ofte blir fleire program og fleire aktørar kontrollerte i eitt og same tilsyn. Resultatet kan vere at reglane i all hovudsak er følgde i majoriteten av programma eller hos dei fleste aktørane, sjølv om eit tilsyn avdekker brot.
- Det primære verktøyet for Medietilsynet for å sikre at reglane blir følgde, er dialog og rettleiing. Dersom aktørar bryt regelverket fleire gonger, dersom det er grove brot, eller dersom aktørane ikkje viser vilje til å gjere endringar når Medietilsynet påpeikar brot, kan Medietilsynet gi åtvaring, gebyr eller tvangsmulkt.