1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Filmdistributør får åtvaring frå Medietilsynet for feil aldersgrense

Tre personer sitter i en mørk kinosal. De sitter ved siden av hverandre,og har popcornbeger i hendene.
Illustrasjonsfoto

Medietilsynet meiner at kinofilmen «Døde menn går på ski» hadde for låg aldersgrense og gir distributøren ei åtvaring. Grensa er no endra frå 12 til 15 år.

Medietilsynet vurderte filmen etter førespurnad frå publikum om aldersgrensa, og konkluderte med brot på retningslinjene. 

– Medietilsynet vurderer at 12-årsgrense på denne filmen er eit klart brot på retningslinjene for aldersklassifisering. Vi meiner distributøren har handla aktlaust i dette tilfellet og gir derfor ei åtvaring, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Distributøren endra aldersgrensa etter varsel

Filmen «Døde menn går på ski» er ein kriminalkomedie med innslag av scener vi kjenner frå valdelege filmsjangrar som “slasher” og “gore”. Filmen er basert på Knut Nærums bok med same tittel. Ein milliardær inviterer ein gjeng til ei heimsøkt hytte for å feire påske. På hytta begynner ein detektivleik som utartar på umogleg vis. Saman prøver dei å løyse fleire mordmysterium og korleis dei heng saman. 

Sjølv om filmen har ei komisk ramme, vurderer Medietilsynet at filmen kan vere skremmande for 12-åringa på grunn av mengda blodige scener og verkemidla som blir brukte ved skildringar av lik og drapshandlingar. Dette blir vurdert som for sterkt og nærgåande for ei aldersgrense på 12 år. 

Etter at Medietilsynet sende eit varsel til distributøren, valde distributøren raskt å endre aldersgrensa til 15 år.

Få brot på regelverket

Frå i fjor overtok distributørane sjølv ansvaret for å sette aldersgrenser på kinofilmar. Men Medietilsynet kontrollerer at ordninga fungerer slik ho skal.

– Så langt har vi hatt få brot på retningslinjene. Dette tyder på at distributørane jamt over handterer oppgåva med aldersklassifisering av kinofilm på ein god måte, seier Sekkelsten.

Medietilsynet følger jamleg med på kinofilmtilbodet og vurderer heile tida kva filmar som skal takast inn til vurdering for tilsyn. Dersom kinofilmdistributørane er usikre på kva aldersgrense dei skal sette, kan dei få hjelp frå Medietilsynet.

  Abonner på nyheter (RSS)