1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Fleire direktorat samarbeider for større tryggleik på nettet

Sju direktorat, med Medietilsynet i spissen, skal framover jobbe tettare saman for å sikre at barn og unge er trygge på nettet. – Vi veit at internett er ein stor og viktig del av kvardagen til barn og unge i dag. Derfor må vi jobbe betre saman for at den digitale oppveksten blir så trygg som mogleg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Direktoratgruppa følger opp den nasjonale strategien for ein trygg digital oppvekst, «Rett på nett», som blei lansert hausten 2021. Ei viktig oppgåve for gruppa blir å utvikle ein handlingsplan for å konkretisere strategien. Gruppa får også ansvar for å koordinere innsats og prioriteringar på feltet.

Tryggleik på nettet er ei av dei viktigaste oppgåvene til Medietilsynet

Medietilsynet skal leie direktoratgruppa, som også har med representantar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Forbrukartilsynet, Utdanningsdirektoratet, Datatilsynet og Politidirektoratet.

– For Medietilsynet er tryggleiken til barn og unge ei kjerneoppgåve, og vi meiner det er mykje å hente på meir samarbeid og koordinering av den statlege innsatsen, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Barn og unge skal ha reell medverknad

Samarbeid og involvering var vesentleg i utviklinga av strategien «Rett på nett» og blir viktig også for å lykkast med handlingsplanen. Frivillige organisasjonar, næringsliv og barn og unge sjølve skal involverast i arbeidet vidare.

– Dei unge er ekspertar på sine eigne liv, og har ikkje alltid same oppfatninga som vaksne i saker som vedkjem dei. Derfor er eitt av måla i strategien at barn skal ha reell medverknad når strategien blir følgd opp med konkrete tiltak. Dette har vi laga ein god plan for. I tillegg er vi opptatt av å samarbeide med andre aktørar som er engasjerte i barns digitale kvardag, seier Velsand.

Barne- og familiedepartementet har ansvar for å koordinere regjeringa sitt arbeid for ein trygg digital oppvekst.

– Barn og unge lever livet sitt på nettet. Vi må rette meir merksemd mot og vere meir bevisste på kva for digitale opplevingar og utfordringar dei har. Det er bra at denne direktoratsgruppa no er komen på plass, slik at innsatsen blir enda meir målretta. Eg håper dette arbeidet vil kunne føre til gode løysningar for dei utfordringane barna møter , seier Toppe.

Direktoratgruppa har sitt første møte 10. juni i Oslo.

Bakgrunn: strategien «Rett på nett»

Strategien «Rett på nett» er utarbeidd av Medietilsynet på vegner av regjeringa, og blei lansert hausten 2021.

Visjon og mål:

Regjeringa skal sikre barn og unge ein aktiv, deltakande og trygg digital oppvekst.

Denne visjonen skal regjeringa nå gjennom å:

  1. sikre rettane til barn i det digitale miljøet og reell medverknad frå barn og unge
  2. auke den digitale kompetansen til barn og unge
  3. auke den digitale kompetansen til foreldre og vaksne som jobbar med barn
  4. verne barn og unge mot internettrelaterte overgrep, skadeleg innhald og skadeleg bruk
  5. sikre person- og forbrukarvernet til barn og unge
  6. initiere forsking og gjere kunnskap tilgjengeleg
  7. styrke koordineringa av arbeidet for ein trygg, digital oppvekst

Les meir: Nasjonal strategi for trygg digital oppvekst | Medietilsynet

  Abonner på nyheter (RSS)