Nyhetssaker
Fleire typar medium kan søke om innovasjonstilskott

Kultur- og likestillingsdepartementet har vedtatt endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opnar for at fleire typar medium kan søke støtte.
Medietilsynet lyser ut årets innovasjons- og utviklingstilskott 1. september, med søknadsfrist i midten av oktober.
Tidlegare måtte media oppfylle ei rekke innhaldsvilkår. Dei generelle vilkåra i forskrifta blir nå knytte opp mot verkeområdet til medieansvarslova, noko som gjer at ein breiare krets av medium enn tidlegare kvalifiserer til å få tilskott.
– Dette betyr for eksempel at fleire medium med fag- og djupnejournalistikk kan få innovasjons- og utviklingstilskott, seier avdelingsdirektør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.
Vil sikre opplyst offentleg samtale
Vidare kriterium for å kunne få tilskott etter ordninga, er at mediet har ein ansvarleg redaktør som har slutta seg til allment aksepterte presseetiske standardar, og ikkje inneheld ei overvekt av underhaldnings-, livsstils- eller forbrukarstoff som er retta mot lesaren som privatperson.
– Vi ønsker å styrke mediemangfaldet og gi fleire redaktørstyrte medium høve til å utvikle seg digitalt. Det handlar om å sikre ein opplyst offentleg samtale – også på fagområde som ikkje alltid får like brei dekning, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding.
Det blir også gjort mindre endringar i andre føresegner.
Tildeling mot slutten av året
Når det gjeld storleiken på tilskottet, vil framleis små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium kunne få inntil 75 prosent av prosjektkostnadene innvilga. Der fleire aktørar søker om tilskott til fellesprosjekt, blir det ny regel at majoriteten av søkarane må vere små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, for å få innvilga inntil 75 prosent av prosjektkostnadene.
Det blir også justeringar i kompetansekravet for fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott. Krava har tidlegare vore knytt til kvar enkelt medlem i fagutvalet, men framover skal kompetansen vurderast samla for utvalet.
Medietilsynet tar sikte på å tildele årets tilskott i begynninga av desember. Det er totalt 23,7 millionar kroner som skal fordelast på ulike prosjekt. Sjølv om støtta som skal givast er frå statsbudsjettet for 2025, kan prosjekta som får støtte sluttførast i 2026.
Her finn du forskrifta med dei nye endringane
Her er lenke til pressemeldinga frå Kultur- og likestillingsdepartementet