1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Forbod mot reklame i radio og tv i påska

Ryggen og bakhodet til mann som ser på tv.

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og 1. påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.

På tv og i radio er det ikkje tillate å sende reklameinnslag på langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag og 1. juledag. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskap gjennom media desse høgtidsdagane.  

– Kringkastarane overheld som regel reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet. 

Langfredag er i år den 29. og 1. påskedag den 31. mars. Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjon i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame. Forbodet gjeld ikkje for strøymetenester.

  Abonner på nyheter (RSS)