Nyhetssaker
Hard kamp om innovasjonsstøtte til media

Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.
Tidlegare i år vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opna for at fleire typer medium kunne søke støtte frå i år.
– Det er mange som har prosjekt dei ønsker støtte til, og det er søkt om støtte til fleire prosjekt enn i fjor. Vi veit ikkje ennå om det er endringa i forskrifta som har ført til auken, men vi har fått 16 fleire søknadar i år enn i 2024, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.
Prioriterte prosjekt
Ved utlysinga gjorde Medietilsynet det klart at prosjekt med digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar vil bli prioritert i tildelinga.
Medietilsynet skal behandle ferdig søknadene før jul.
Fakta om innovasjonsstøtta
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- I ei ny revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
- Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioritert.