1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Ingen brot på reklamereglane i sendingane under fotball-VM

Medietilsynet har fått svært få henvendelser fra publikum under fotball-VM, noe som kan tyde på at tv-sendingene har vært i tråd med publikums forventninger. Foto Adidas

Medietilsynet fann ingen brot på reklame- og sponsereglane under sendingane i fotball-VM. Sendingane blei også teksta direkte i tråd med krava som blir stilt til universell utforming

Medietilsynet har ført tilsyn med NRK og TV 2 sendingane sine under fotball-VM. Formålet var å kontrollere at reglar i kringkastingslova om sponsing, produktplassering, reklameavbrot og teksting av direktesende program blei følgde.

– Vi har fått svært få spørsmål frå publikum under denne meisterskapen. Det kan tyde på at sendingane til kringkastarane har vore i tråd med forventingane til publikumet. I tillegg konstaterer vi at regelverket er følgt, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Reglane er til for å kunne skilje kommersielt frå redaksjonelt innhald

TV 2 og NRK delte rettane til årets fotball-VM. I samband med sportsopplevingar har også NRK høve til å ha sponsing sjølv om kanalen ikkje er reklamefinansiert.

– Kringkastingslova har reglar om kommersielt innhald i sendingane, slik at sjåarane skal kunne skilje mellom kommersielt og redaksjonelt innhald. I tillegg blir det stilt krav til kringkastarane om at innhald skal tilgjengeleggjerast i form av teksting for høyrselshemma, seier Sekkelsten.

Formålet med ein sponsoridentifikasjon er å opplyse sjåarane om at nokon har gitt eit økonomisk tilskot til programmet.

Då ein av sponsorane til VM-sendingane på TV 2 ønskte å trekkje seg som sponsor og gi bort sitt sponsorat til ein annan aktør, måtte Medietilsynet avklare at det ikkje er høve til å gi bort ein sponsoridentifikasjon til eit anna selskap enn det som har gitt bidraget til sendinga.

Dette er reglane Medietilsynet kontrollerte under fotball-VM

  • Det kan ikkje visast meir enn tolv minutt reklame per time, og reklameavbrot skal ikkje plasserast slik at det i for stor grad går ut over sjåaropplevinga.
  • Dersom sendingane inneheld produktplassering skal dette bli merka tydeleg ved begynninga og slutten av programmet, samt når programmet startar opp igjen etter eit reklameavbrot.
  • Dersom sendingane er sponsa, skal det opplysast om det. Normalt skjer det ved at det blir vist sponsorplakatar før og etter sendingane og i samband med reklameavbrot. Sponsorplakatar er ikkje det same som reklame, og inngår ikkje i den maksimale reklametida på tolv minutt per time.
  • NRK har krav om å direkte tekste alle fjernsynsprogram, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.
  • TV 2 har krav om å direkte tekste fjernsynsprogram i tidspunktet mellom kl. 18.00 og kl. 23.00, dersom det er teknisk og praktisk mogeleg.

  Abonner på nyheter (RSS)