1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Målblome til Medietilsynet

Et bilde av Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, dagleg leiar Noregs Mållag, Mari Velsand, direktør Medietilsynet, Magne Aasbrenn, leiar i Fredrikstad Mållag
Mari Velsand held opp Målblomen frå Noregs Mållag. F.v. Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, dagleg leiar Noregs Mållag, Mari Velsand, direktør Medietilsynet, Magne Aasbrenn, leiar i Fredrikstad Mållag

Noregs Mållag gav Medietilsynet ein Målblome fort arbeidet vårt og fokus på å produsere innhald på nynorsk.

Den 2. november var Medietilsynet så heldige å bli heidra av Noregs Mållag gjennom tildeling av ein Målblome for fokuset vårt på ha ein høg nok nynorskdel i kanalane våre. Medietilsynet er svært stolte og takksame for å bli tildelt denne Målblomen, og takkar Noregs Mållag for denne flotte merksemda. Medietilsynet lovar å halde fram arbeidet med god og nok nynorsk!

I tillegg til Målblome fekk vi også ein flott pristale frå Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem Noregs Mållag.

Pristale av Inger Johanne Sæterbakk

Nokre gledelege nynorskhendingar kjem i bråe kast, som når dei kvite dørene i Stockholm opnar seg og det blir kunngjere at Jon Fosse får nobelprisen i litteratur.

Andre hendingar kjem meir i det stille og til og med gjentek seg, slik at det er nesten som vi ikkje festar oss ved dei. Men det bør vi gjere.

Difor får eg lov til å stå her, på vegne av styret i Noregs Mållag, å tildele målblome frå Noregs Mållag til Medietilsynet.

Medietilsynet har for andre året på rad vore det einaste statlege organet som oppfyller språkkravet.

Og då snakkar vi sjølvsagt om sjølvaste paragraf 13 i Språklova: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Medietilsynet utmerkar seg ved at dei oppfyller lova i alle kategoriar. Av 177 statsorgan er det eit organ som greier dette. Og hjå Mållaget vert vi ekstra begeistra når til dømes vekslinga i sosiale medium er halvparten av kvart språk.

Som de veit, så gjorde Stortinget i 1885 vedtak om å jamstille nynorsk og bokmål – det som seinare har blitt ståande som jamstellingsvedtaket. I starten kom vedtaket fyrst og fremst til å handle om skuleverket.

Fyrst i 1930 vart det vedteke ei mållov i Stortinget. Der stod det at: «embets- og tenestefolk som hadde ei viss utdaning og var under ein viss alder, hadde skyldnad til å bruke båe skriftmåla i skriftleg handsaming av saker».

Det er godt at de som er tilsette i Medietilsynet kjenner «skyldnad» til å skrive nynorsk i jobben. Det gjev mot til alle dei som har nynorsken som sitt språk. Enten om du er fyrsteklassing i Nissedal, lærar i Fredrikstad, prest i Ørsta, grafisk designar i Florø, statsforvaltar i Vestland, student ved Oslo Met eller forfattar frå Strandebarm. Å sjå språket rundt seg, brukt til daglegdags byråkrati, radioprating eller i ei bok gjer oss litt stoltare, litt modigare og ikkje minst gjer oss litt betre i vårt eige språk.

Ved at Medietilsynet følgjer språklova er de med å stadfestar språklege rettar, utvidar språkmangfaldet, ja de utvidar Noreg.

Difor får de, ein varm takk frå Noregs Mållag og då er eg så fri at eg snakkar også på vegne av dei om lag 600 000 folka som skriv nynorsk dagleg: Tusen takk! 

  Abonner på nyheter (RSS)