1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet ber om tydeleg merking av retusjert reklame

Frå 1. juli skal reklamen merkast dersom ein kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er retusjert eller manipulert. Foto Medietilsynet
Frå 1. juli skal reklamen merkast dersom ein kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er retusjert eller manipulert. Foto Medietilsynet

Medietilsynet har gitt innspel til korleis det nye kravet om å merke retusjert reklame bør utformast. – Tydeleg merking er ein føresetnad for at barn og unge skal kunne vurdere innhaldet på ein kritisk måte, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Tal frå Medietilsynet viser at ungdom blir utsette for store mengder reklame som kan føre til kroppspress. Omkring halvparten av norske 13–18-åringar har fått reklame i sosiale medium for produkt som skal sørge for vekttap eller gi større musklar, ifølge Barn og medier 2020.

I fjor vedtok regjeringa ei lovendring i marknadsføringslova som gjer at retusjert reklame må merkast. Reklamen skal merkast dersom ein kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er retusjert eller manipulert. Medietilsynet har gitt innspel til Barne- og familiedepartementet i ei høyring om korleis den retusjerte reklamen bør merkast. Dei nye krava til merking skal etter planen takast i bruk frå 1. juli i år.

– Vi meiner merkinga skal vere tydeleg, ho skal vare lenge nok til at barn og unge får den med seg, og det skal ikkje vere i tvil om kva merkinga betyr. Kravet om å merke retusjert reklame kan bidra til å redusere kroppspresset som barn og unge er utsette for, og styrke den kritiske medieforståinga til barna, seier Sekkelsten.

Reklame retta mot unge på nettet og i sosiale medium

  • 61 prosent av 13–18-åringane og 28 prosent av 9–12-åringane har fått reklame for produkt for å gå ned i vekt.
  • 50 prosent av 13–18-åringane og 26 prosent av 9–12-åringane har fått reklame for produkt som skal gi større musklar.
  • Over ein tredel av 13–18-åringane har fått reklame for kosmetiske behandlingar (37 prosent) og solarium (33 prosent).
  • 20 prosent av 13–18-åringane har fått reklame for plastisk kirurgi.

Kjelde: Barn og medier 2020 (Medietilsynet). Respondentane er cirka 3400 barn i alderen 9–18 år. Berre 13–18-åringane fekk svaralternativa «kosmetiske behandlingar», «plastisk kirurgi» og «solarium».