1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet er bekymra for datalagringsforslag

Medietilsynet meiner eit utvida mandat til PST må utløyse meir ressursar til kontroll. Foto Pexels/Medietilsynet.
Medietilsynet meiner eit utvida mandat til PST må utløyse meir ressursar til kontroll. Foto Pexels/Medietilsynet.

Medietilsynet fryktar at færre kjem til å delta i den offentlege debatten dersom Politiets sikkerhetstjeneste (PST) kan lagre data frå opne kjelder på nett i fem år. Regjeringa har foreslått å opne for dette, for å kunne avdekkje truslar.

Forslaget blei fremma i statsråd 2. desember, som ein del av ein proposisjon om endringar i politilova og politiregisterlova. Forslaget gir PST heimlar til å lagre data frå opne kjelder på nett i fem år for å kunne levere analysar og etterretningsvurderingar. Lovendringane har tidlegare vore på høyring. Då blei fleire bekymringar lyfte fram, blant anna når det gjeld kva effektar endringane kan få for personvernet og ytringsfridomen. Etter høyringsrunden er forslaget endra på ei rekkje punkt.

Medietilsynet fryktar nedkjølingseffektar

– Medietilsynet meiner forslaget er justert i riktig retning, men at det framleis er ein reell risiko for nedkjølingseffektar, det vil seie at folk i mindre grad deltek i den offentlege debatten. Vi er kritiske til at PST kan hente inn data som er samla inn om norske brukarar utan at det er grunn til mistanke, og til at automatiserte analyseverktøy kan nyttast på alt innsamla materiale. Dette kan vere alvorleg for ytringsfridomen og er problematisk ikkje minst for kjeldevernet, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

I lovproposisjonen står det at PST sin sjef eller andre som blir gitt myndigheit, kan fastsetje at opplysingar skal behaldast i ytterlegare fem år av gongen utover dei fyrste fem åra, men ikkje lenger enn 15 år totalt.

Medietilsynet meiner det må gis grunnar om ønske om utvida lagringstid

Justisdepartementet foreslår at innsamlingsheimelen berre skal gjelde informasjon som «må antas å vere nødvendig» for å utarbeide analysar og etterretningsvurderingar. I uttrykket «antas» ligg at det ikkje blir stilt krav til sannsynlegvisovervekt, det vil vere tilstrekkeleg med at det er ei «rimeleg og ikkje heilt fjern moglegheit».

Som ein sentral tryggingsmekanisme blir det foreslått at den lagra informasjonen skal sperrast. Dette inneber at opplysingane berre kan brukast til dei konkrete formåla som er gitte, og at opplysingane elles ikkje blir å betrakte som å vere registrert hos PST. Opplysingane skal haldast skilde frå andre opplysingar som blir behandla hos PST.

– Vi meiner eit utvida mandat til PST må utløyse meir ressursar til kontroll, og at PST må gi grunnar til sitt ønske om utvida lagringstid, og at det må prøvast av annan instans, seier Mari Velsand.

Ønsker betre kontroll

Medietilsynet meiner det reviderte forslaget er forbetra på ei rekkje punkt, for eksempel ved at PST får avgrensa tilgang til den lagra informasjonen.

– Det offentlege ordskiftet skjer i stor grad på nettet, og vi har rett til å ytre oss fritt innanfor lova sine rammer, utan frykt for overvaking. Det må settes grenser for politiets bruk av automatiserte analyser til tilfelle der det er ein konkret mistanke om truslar, seier Velsand.

Lovforslaget skal behandlast i Stortinget våren 2023.

Les Medietilsynets høyringsforslag frå 21. januar 2022 her