1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet er det einaste statsorganet som oppfyller krava i språklova

Åse Wetås er direktør i Språkrådet som no har kome med ein rapport om målbruk i norske statsorgan. Medietilsynet er einaste statsorgan som oppfyller krava i Språklova. Foto Oda Hveem
Åse Wetås er direktør i Språkrådet som no har kome med ein rapport om målbruk i norske statsorgan. Medietilsynet er einaste statsorgan som oppfyller krava i Språklova. Foto Oda Hveem

Ingen andre sentrale statsorgan enn Medietilsynet oppfyller krava i språklova om å bruke både nynorsk og bokmål. Det kjem fram i ein ny rapport frå Språkrådet. – Vi jobbar aktivt kvar dag med å bruke begge målformer, og det er veldig hyggeleg at det blir anerkjent, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Blant 15 departement, Statsministerens kontor og 161 statsorgan er det berre Medietilsynet som oppfyller alle krava i Språklova, ifølge rapporten frå Språkrådet.

– Andre statsorgan har mykje å læra av språkarbeidet i Medietilsynet. Sjølv om Medietilsynet er ein liten organisasjon, satsar dei ikkje berre på at enkeltmedarbeidarar med entusiasme for språkarbeid tek ansvar, men har rusta organisasjonen med kompetansen som trengst for å få det til. Slik viser dei respekt for lovverket på språkfeltet og vilje til å følgja opp språkarbeidet sitt systematisk, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Minst 25 prosent av det skriftlege skal vere på bokmål og nynorsk

Språkrådet fører tilsyn med korleis departementa og dei underliggjande etatane følgjer reglane om å bruke både bokmål og nynorsk.

Ifølge reglane skal sentrale statsorgan veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale, slik som nettsider, rapportar og innhald i sosiale medium. Ingen av skriftspråka skal vere representert med mindre enn 25 prosent. For skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar skal begge språk vere tilgjengelege samtidig.

Les heile rapporten frå Språkrådet her