Nyhetssaker
Medietilsynet fordeler 23,5 millionar til innovasjon
Eit ambisiøst prosjekt for å nå unge og eit konkret KI-prosjekt med stor læringsverdi er blant tiltaka som får støtte når Medietilsynet tildeler årets innovasjonstilskott.
Medietilsynet fordeler nær 24 millionar kroner i innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Av rekordhøge 87 søknader får 49 prosjekt pengar frå støtteordninga.
– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
I år går om lag tre av fire støttekroner, totalt omkring 17 millionar kroner, til små, lokale medium.
– Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg, seier Sekkelsten.
Fleire kunne søke i år
Kultur- og likestillingsdepartementet gjorde tidlegare i år endringar i forskrifta for tilskottsordninga slik at fleire typar medium kunne søke.
Blant dei 87 søknadene i år var det derfor større breidde enn det har vore tidlegare, og nokre nykommarar i søkebunken fekk støtte.
Store tilskott til samarbeidsprosjekt
Mange søkarar har i år bede om tilskott til prosjekt om KI og prosjekt som vil løyse utfordringar med å nå unge. Fleire mottakarar av store tilskott har søkt på vegner av samarbeidande aktørar.
Finnmark Dagblad får saman med fleire samarbeidande aviser 1,5 millionar kroner til eit KI-prosjekt som fagutvalet meiner har store moglegheiter for å lykkast, og dei trur har stor læringsverdi for fleire.
Også Bladet Tysnes har søkt på vegner av eit samarbeid mellom fleire små lokalmedium. Det ambisiøse prosjektet deira for å nå unge mediebrukarar, «Morgondagens lokalavis 2030», får 1,75 millionar kroner.
Det største tilskottet i tildelinga i år går også til eit samarbeidsprosjekt. Vest-Telemark Blad står som søker på vegner av Samarbeidsdesken for eit prosjekt som skal styrke næringslivsjournalistikk. Prosjektet får 2,35 millionar kroner.
Sjå heile lista over tilskotsmottakerar for 2025 her.
Fakta om innovasjonsstøtta:
- I 2025 får 49 prosjekt til saman 23,7 millionar kroner i støtte til innovasjons- og utviklingstiltak.
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- I ei ny revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
- Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte.