1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet forlenger FM-konsesjonane for lokalradio med fem nye år

For dei aller fleste lokalradioaktørane som sender på FM, blir det ingen vesentlege endringar i vilkåra når konsesjonane no blir forlengde med fem nye år. Foto: Medietilsynet
For dei aller fleste lokalradioaktørane som sender på FM, blir det ingen vesentlege endringar i vilkåra når konsesjonane no blir forlengde med fem nye år. Foto: Medietilsynet

Stortinget har bestemt at lokalradio skal få fortsette på FM i fem nye år frå nyttår. No forlenger Medietilsynet konsesjonane. – Formålet er å gi lokalradioane noko meir tid til å førebu overgangen til digitale sendingar, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Dagens FM-konsesjonar for lokalradio går ut ved nyttår. For dei fleste lokalradioaktørane som sender på FM, blir det ingen vesentlege endringar i vilkåra når konsesjonane no blir forlengde med fem nye år, frå 1. januar 2022 til 31. desember 2026.

Konsesjonane blir forlengde automatisk

– Konsesjonane blir forlengde automatisk med uendra dekning, og den eksisterande sendetida til radioane blir ført vidare i den nye femårsperioden. Det er altså ikkje nødvendig å levere søknad til Medietilsynet eller Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for å få konsesjonen forlengd, seier Sekkelsten.

I tråd med føresetnadene i Hurdalsplattforma vil regjeringa gi lokalradio høve til å vere på FM fram til 2031. Korleis det skal gjennomførast, blir avklart i god tid før konsesjonane går ut i 2026.

Reglar for reklametid erstattar inntektsavgrensingar

For lokalradioar på FM og rundt i byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger opphevar Medietilsynet dagens reglar om inntektsavgrensingar og forbodet mot sam- og vidaresending.

– I staden kan lokalradioane i desse områda sende reklame i inntil fire minutt kvart døgn dei sender. Det er ikkje tillate med programsponsrar og produktplassering, seier Sekkelsten.

Nokre radioar som sender både på DAB og FM i sløkkeområdet, må investere i utstyr for å skilje DAB- og FM-sendingar på grunn av dei nye reklamereglane på FM.

– Det er mogleg å søke støtte til slikt utstyr gjennom tilskottsordninga til lokale lyd- og bildemedium, seier Sekkesten.

Medietilsynet forlenger fristen for å søke slik støtte frå 18. november til 2. desember.