1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet har fordelt 39 millionar kroner i støtte til samiske aviser

Alle avisene som får støtte har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, noko som er eit av vilkåra for å få produksjonsstøtte. Foto Berit Roald NTB
Alle avisene som får støtte har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, noko som er eit av vilkåra for å få produksjonsstøtte. Foto Berit Roald NTB

Dei fire avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen og NordSalten Avis får til saman om lag 39 millionar kroner i støtte i 2022. – Støtta bidrar til å gjere dei samiske skriftspråka meir synlege. Desse avisene speler ei viktig rolle for den samiske språkutviklinga, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør i juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Dagsavisa Ávvir får 20,3 millionar kroner og dagsavisa Ságat får 17,2 millionar kroner i produksjonsstøtte. Ávvir kjem ut på nordsamisk, mens Ságat i hovudsak skriv på bokmål. Avisene har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, noko som er eit vilkår for å få produksjonsstøtte. Snåsningen får 696 089 kroner for innstikk på sørsamisk, mens NordSalten Avis får 870 111 kroner for innstikk på lulesamisk.

– Det er ein etablert politikk og forvaltningspraksis at aviser kan reknast som samiske og få tilskott etter ordninga sjølv om dei skriv på norsk. Dette er blant anna grunngitt med at store delar av den samiske befolkninga ikkje kan lese samisk, seier Sekkelsten.

Avslag til Kronstadposten og NordSalten Avis

Også i år søker Kronstadposten om støtte for innstikk på nordsamisk. NordSalten Avis søker om produksjonsstøtte, i tillegg til støtta avisa allereie får for innstikk på sørsamisk. Medietilsynet har, som i fjor, konkludert med at begge får avslag.

Kronstadposten får avslag fordi støtteordninga ikkje gir støtte til nordsamiske avissider, berre avissider på lule- og sørsamisk. NordSalten Avis får avslag på søknaden om produksjonsstøtte fordi Medietilsynet meiner avisa ikkje har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe.

Medietilsynet avslo søknaden om produksjonsstøtte til NordSalten Avis i fjor. NordSalten Avis klaga på avslaget, og Medieklagenemnda har no behandla klaga. Medieklagenemnda kom til at avisa ikkje har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, og forkasta klaga.