1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt

Medietilsynets kontorbygg frå utsida. Bygget er grått med mange vindauge. På veggen står Medietilsynets logo.
Medietilsynet må behandle Altingets søknad om produksjonstilskott på nytt.

Medieklagenemnda har gitt Altinget medhald i klaga si på avslaget om produksjonstilskott i 2024. Nemnda seier i vedtaket sitt at Altinget er ei avis og ikkje fleire, slik Medietilsynet la til grunn i avslaget sitt.

Nå skal søknaden tilbake til Medietilsynet for ny behandling.

Ei avis eller fleire nisjeaviser

Medietilsynet avslo søknaden om produksjonstilskott fordi tilsynet meinte Altinget AS ikkje oppfylte vilkåret i forskrifta om at selskap som skal få tilskott berre kan gi ut eitt nyheits- og aktualitetsmedium. Medietilsynet vurderte at Altinget AS gav ut seks nisjepublikasjonar.

Medieklagenemnda er altså ikkje einig i Medietilsynets vurdering på dette punktet. Nemnda skriv i vedtaket sitt at dei etter ei samla vurdering har komme til at Altinget.no skal reknast som eitt nyheits- og aktualitetsmedium.

Medietilsynet skal nå, så snart som moleg, behandle søknaden frå Altinget AS på nytt, med føringane frå nemnda.

Dei endelege føringane frå nemnda vil òg få betydning for søknaden til Altinget for 2025.

Slik er klage- og ankemoglegheitene ved avslag på søknad om produksjonstilskott:

  • Det er mogleg å klage på Medietilsynets vedtak om produksjonstilskott. 
  • Det er Medieklagenemnda som er klageinstans.
  • Om Medieklagenemnda opphever Medietilsynets vedtak, blir søknaden send tilbake til Medietilsynet for ny behandling.
  • Det nye vedtaket frå Medietilsynet kan også klagast på.
  • I så fall går saka tilbake til Medieklagenemnda for endeleg avgjerd.

Dette er produksjonstilskottet:

  • Produksjonstilskottet er den største direkte mediestøtteordninga, og Medietilsynet forvaltar ordninga.
  • I 2025 blei 440,6 millionar kroner fordelte i støtte.
  • 163 aviser fekk produksjonstilskott i 2025, åtte av dei for første gong.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av redaktørstyrte tekstbaserte nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Ordninga er plattformnøytral. 
  • Ordninga er særleg retta mot nyheitsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og nyheitsmedium som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader. 
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Krava gjeld blant anna innhald, talet på abonnentar og driftsøkonomi.

  Abonner på nyheter (RSS)