Nyhetssaker
Medietilsynet opnar for innspel til vurdering av mediestøtteordningane

Bransjeaktørar og andre interessentar blir nå inviterte til å komme med innspel i samband med at Medietilsynet skal gå gjennom dei ulike ordningane for direkte mediestøtte.
Kultur- og likestillingsdepartementet har bedt Medietilsynet utarbeide ein rapport om den direkte mediestøtta. Utgreiingsarbeidet er ein del av førebuingane til dei neste fireårige styringssignala for mediepolitikken, som skal gjelde for perioden 2027–2030. Forslag til styringssignal blir lagt fram av regjeringa, og blir behandla av Stortinget.
Fleire tilskottsordningar skal vurderast
– Oppdraget inneber at vi skal sjå nærmare på ulike forhold ved fleire av dei eksisterande tilskottsordningane. Vi er godt i gang med arbeidet, og opnar nå for innspel frå bransjeaktørar og andre interessentar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet skal blant anna sjå nærmare på nokre av kriteria for å få produksjonstilskott, som er den største direkte mediestøtteordninga. Dagens tilskottskategoriar skal også vurderast. Vidare skal det vurderast om det er mogleg å gjere tilskottsutbetalinga meir føreseieleg for mottakarane.
– Slik ordninga fungerer i dag, må vi ta utgangspunkt i rekneskapen til mottakarane frå året før tilskottsberekninga. Desse tala er ikkje tilgjengelege før seinare på året, noko som gjer at det ikkje er mogleg å tildele tilskott før sist på året. Vi forstår godt at dette er krevjande for aktørane og skal derfor sjå om det kan gjerast endringar, slik at tilskottet kan bereknast og utbetalast tidlegare, seier Velsand.
Når det gjeld tilskott til lokalkringkasting skal Medietilsynet vurdere om innretninga av denne ordninga er formålstenleg. Blant anna skal det sjåast på om samansetninga av drifts- og prosjekttilskott bør endrast, og om tilskott til digitalisering av lokalradio er tilpassa det faktiske behovet.
Eit anna forhold som skal vurderast, er om dagens direkte mediestøtteordningar er tilpassa teiknspråklege medium.
Moglege tiltak for å stimulere nyheitsbruken til dei unge
Departementet har også bedt Medietilsynet vurdere tiltak som kan stimulere nyheitsbruken til dei unge. Dette kan enten gjerast gjennom å endre eksisterande tilskottsordningar eller ved nye ordningar, som for eksempel subsidiert tilgang til journalistikk.
– Dei unge bruker i mindre grad enn eldre tradisjonelle plattformer i nyheitskonsumet sitt, viste Medietilsynets nye rapport om bruksmangfald, som nyleg blei publisert. Samtidig er redaktørstyrte medium viktigare enn nokon gong, for å sikre tilgang til faktabasert og kvalitetssikra informasjon og journalistikk. Derfor blir det viktig å sjå på korleis statlege støtteordningar kan bidra til gode medievanar i dei yngre målgruppene, seier Velsand.
Medietilsynet har allereie gått breitt ut til avisene med ei spørjeundersøking om tiltak retta mot unge mediebrukarar.
– Dei som allereie har gitt oss innspel, treng ikkje gjenta desse. Andre innspel kan bli sendt oss innan 28. mai, seier Mari Velsand.
Innspel kan sendast til innspill@medietilsynet.no.
Medietilsynet skal ferdigstille rapporten sin innan 10. november i år.