1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet oppfordrar foreldre til å snakke med barna om nettvett i ferien

Dei fleste barna liker at foreldra engasjerer seg i det dei er opptatt av. Barna treng også å vite at foreldra er der, og at dei kan fortelje om det som kanskje både er flautt og ubehageleg, seier Mari Velsand i Medietilsynet. Foto Medietilsynet
Dei fleste barna liker at foreldra engasjerer seg i det dei er opptatt av. Barna treng også å vite at foreldra er der, og at dei kan fortelje om det som kanskje både er flautt og ubehageleg, seier Mari Velsand i Medietilsynet. Foto Medietilsynet

For mange barn og unge betyr ferietid også mykje skjermtid, og Medietilsynet oppfordrar foreldre til å ta ein sommarprat om nettvett med barna sine. – Den siste tida har politiet åtvara mot blant anna deling av nakenbilde og skremmande videoar i sosiale medium. Dette er noko foreldra bør snakke med barna om, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Mange barn er aktive digitale brukarar frå ung alder, og over halvparten av niåringane bruker eitt eller feire sosiale medium. Frå dei er 13 år ser så godt som alle norske barn på sosiale medium, ifølge undersøkinga Barn og medier 2020, som er gjennomført av Medietilsynet. Mange barn og unge er gode på teknologi og tar raskt i bruk nye appar og tenester som foreldra ikkje nødvendigvis kjenner til.

– Det er mykje positivt og sosialt med digitale møteplassar, men vi veit at det også skjer ting som barn ikkje bør eksponerast for. Derfor er det viktig at foreldra er obs og engasjerer seg i den digitale kvardagen til barna, seier Velsand.

Barn og unge kan bli eksponerte for skremmande og skadeleg innhald på nettet

Nyleg har det vore fleire saker i nyheitsbildet der barn og unge har vore utsette for skremmande innhald, deling av nakenbilde og avtalar med framande via sosiale medium. Blant anna har det versert ein video av ei ung jente som tilsynelatande blir halshogd på TikTok, politiet åtvarer foreldre om tilfelle der små barn deler nakenvideoar av seg sjølve og mot tenåringar som avtaler å møte kvarandre via sosiale medium, og som deretter forgrip seg.

– Desse sakene viser at barn kan bli eksponerte for innhald på nett som kan vere både skremmande og skadeleg. Som forelder er det viktig å vere klar over dette, og snakke med barna om kva dei bør gjere dersom dei kjem over denne typen innhald. Foreldra bør også skaffe seg kunnskap om korleis ein blokkerer og rapporterer uønskte hendingar på nett, og kva innstillingar som kan brukast for å gjere den digitale kvardagen tryggare for barna, seier Velsand.

Medietilsynet meiner det er viktig at foreldra engasjerer seg

Medietilsynet meiner foreldra har eit klart ansvar når det gjeld den digitale tryggleiken for barna, og for å bidra til at dei unge blir sette i stand til å gjere gode val.

– Mange barn bruker sannsynlegvis meir tid på mobilen i sommarferien enn elles. Foreldra har kanskje også litt betre tid enn vanleg til å ta ein prat med barna om kva dei gjer på nettet, og kva det er viktig å passe på. Dei fleste barna liker at foreldra engasjerer seg i det dei er opptatt av. Barna treng også å vite at foreldra er der, og at dei kan fortelje om det som kanskje både er flautt og ubehageleg, seier Velsand.

Medietilsynet gir råd om sosiale medium og nakenbilde