Nyhetssaker
Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk
Den nye tilskottsordninga for samiske nyheits- og aktualitetsmedium opnar for søknader også frå digitale medium. Til nå har ordninga berre vore omfatta av aviser som kjem ut på papir.
Det er Medietilsynet som forvaltar tilskottsordninga. Endringane trer i kraft frå nyttår, og vil gjelde for søknader og tildeling neste år.
– Den nye tilskottsordninga er tilpassa den digitale kvardagen. Nå ser vi fram til å behandle søknader frå medium som bidrar til å bevare og utvikle dei samiske språka også digitalt, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.
Den nye forskrifta gjer ordninga plattformnøytral, gir lov til å ta utbytte og inneheld nye krav til eigenproduserte saker, abonnementstal og talet på redaksjonelle årsverk.
Meir til innhald og fleire samiske språk i ordninga
For å gi insentiv til fleire saker på samisk, opnar den nye forskrifta for fleire samiske språk enn dei som var inkludert i den gamle ordninga. Frå 2026 vil det kunne givast støtte til eigenproduserte saker på nordsamisk, pitesamisk, umesamisk eller austsamisk/skoltesamisk – i tillegg til lulesamisk og sørsamisk, som har vore omfatta av tilskottsordninga til nå. Forskrifta krev at slike saker må publiserast «fast og regelmessig».
Andelen av tilskottet som skal gå dette blir auka til opptil åtte prosent.
Produksjonstilskottet skal framleis vere den største delen av tilskottet. Minst 92 prosent skal gå til dette. Her vil den nye ordninga skilje mellom høgfrekvente og lågfrekvente medium etter kor stor del av det totale innhaldet som blir publisert på samisk.
– Dette vil framleis gi økonomi til å gi ut aviser på samisk, og samtidig styrke insentivet for norskspråklege aviser retta mot den samiske befolkninga til å skrive og publisere fleire saker på samisk. Det vil stimulere til vedlikehald og legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet, seier Sekkelsten.
Den samiske tilskottsordninga for 2026 vil bli lyst ut i februar, og tildelinga vil skje på hausten.
Faktaboks:
- Den nye forskrifta trer i kraft 1. januar 2026.
- Ordninga blir plattformnøytral, også digitale medium kan få tilskott.
- Det blir to ulike tilskott:
1) produksjonstilskott til samiske aviser
2) tilskott til eigenproduserte saker på samisk språk - Fem aviser fekk tilskott på til saman litt over 44 millionar kroner i 2025.
- Minimum 92 prosent av totalramma skal gå til produksjonstilskott.
- Opptil 8 prosent skal vere tilskott til saker på samiske språk.
- I den nye forskrifta blir det opna for støtte til innhald på fleire samiske språk enn i dag.