Nyhetssaker
Nær 24 millionar til innovasjonsprosjekter

Medietilsynet skal fordele 23,7 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2025, og opnar nå for søknader.
Prosjekt som kan få støtte, kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon eller prosjekt som stimulerer til deling og samarbeid.
– Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medietilsynet prioriterer prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar i årets tildeling.
Ny forskrift – fleire kan få
For kort tid sidan vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opnar for at fleire typar medium kan søke støtte.
Tidlegare måtte media oppfylle ei rekke innhaldsvilkår. Dei generelle vilkåra i forskrifta blir nå knytte opp mot verkeområdet til medieansvarslova, noko som gjer at ein breiare krets av medium enn tidlegare kvalifiserer til å få tilskott.
– Dette betyr for eksempel at fleire medium med fag- og djupnejournalistikk kan få innovasjons- og utviklingstilskott, seier Sekkelsten.
Søknadsfristen er 16. oktober. Medietilsynet tar sikte på å behandle ferdig søknadene i løpet av 2025.
Det er viktig at alle søkarane lastar opp dokumentasjonen vi ber om innan fristen.
Har du spørsmål om innovasjonsstøtta, kan ta du ta kontakt med Linn Bånrud i Medietilsynet.
Fakta om innovasjonsstøtta
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- I ei ny revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
- Frist for å søke støtte for 2025 er 16. oktober.
- Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte.