1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

No kan media søke om 21 millionar kroner i innovasjonsstøtte

Innovasjonsstøtta gjer det mogleg for media å skape noko nytt, mange av prosjekta som tidlegare har mottatt støtte hadde truleg ikkje blitt realiserte utan. Foto Medietilsynet
Innovasjonsstøtta gjer det mogleg for media å skape noko nytt, mange av prosjekta som tidlegare har mottatt støtte hadde truleg ikkje blitt realiserte utan. Foto Medietilsynet

Medietilsynet skal fordele 20,9 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2022 og opnar no for søknader. Små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte når støtta skal fordelast. – Vi ser at innovasjonsstøtta gjer det mogleg å skape noko nytt, særleg for små, lokale medium. Mange av prosjekta hadde truleg ikkje blitt realiserte utan denne støtta, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium.

– I tillegg til å prioritere små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal omkring halvparten av støtta gå til aviser som blir særleg ramma av endringane med færre postomdelingsdagar, seier Velsand.

Media kan søke støtte til felles prosjekt

Også søknader om støtte til innovasjons- og utviklingstiltak som rettar seg mot innvandrarar og språklege minoritetar, skal prioriterast i tildelinga for 2022. Det same gjeld prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.

Støtta kan ikkje vere høgare enn 40 prosent av prosjektkostnadene, men prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, kan få støtte som svarer til inntil 50 prosent av prosjektkostnadene. Fleire kan gå saman om å søke om tilskott til fellesprosjekt.

Fristen for å søke innovasjons- og utviklingsstøtte for 2022 er 15. desember 2021.

Søk via Medietilsynets søknadsportal Min side her

Her kan du lese meir om støtteordninga

Fakta om innovasjons- og utviklingsstøtte til nyheits- og aktualitetsmedium

  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018, og er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
  • I forslaget til statsbudsjett for 2022 er det sett av 20,9 millionar kroner til ordninga. Fristen for å søke støtte for 2022 er 15. desember 2021. Pengane blir fordelte i éin tildelingsrunde.
  • Aviser som har utfordringar med distribusjonen på grunn av færre postomdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling gjennom ordninga.
  • Prosjekt i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte. Det same gjer prosjekt som rettar seg mot innvandrarar, språklege minoritetar, og som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsetjingar.

For spørsmål om innovasjonsstøtteordninga ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.