1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2021

Nytt fra Medietilsynet

Noregs første stortingsmelding om barne- og ungdomskultur: Medietilsynet er positiv til at det digitale livet til barna blir anerkjent i kulturmelding

Saman med Barne- og familiedepartementet, skal Medietilsynet lage ein nasjonal strategi og ein plan for korleis dei andre aktørane og ekspertane skal involverast. Foto Medietilsynet
Saman med Barne- og familiedepartementet, skal Medietilsynet lage ein nasjonal strategi og ein plan for korleis dei andre aktørane og ekspertane skal involverast. Foto Medietilsynet

I den ferske kulturmeldinga slår regjeringa fast at barn har rett til informasjon, til å bli høyrde og kunne ytre seg, til å leike og utfalde seg gjennom kunst og kultur, til å ha eit privatliv og til å vere beskytta. – Medietilsynet skal bidra til gjennom å utarbeide ein strategi for ein trygg digital oppvekst og iverksette tiltak for å styrke barn og unges kritiske medieforståing tilpassa den digitale mediekvardagen, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

For første gong i historia legg ei norsk regjering fram ei melding om kunst og kultur for, av og med barn og unge. Allereie i 2019 arrangerte Medietilsynet eit innspelsmøte til denne meldinga. Der kom det innspel frå både barn og unge og andre aktørar som jobbar innan dette feltet.

– Ein kan ikkje ha ei kulturmelding for barn og unge i dag, utan å omtale den digital kulturen. Meldinga er tydeleg på at det bør finnast dataspel på bokmål, nynorsk og samisk, og at internettet gir positive moglegheiter for barn og unge – blant anna å kunne seie sin meining offentleg. Det er mykje positivt med den digitale barne- og ungdomskulturen, men vi kan ikkje lukke auga for dei negative sidene, seier Velsand.

Gjennom Medietilsynets Barn- og medium undersøking veit vi at barn og unge kjem over valdeleg innhald, innhald om sjølvskading eller om korleis ein kan bli svært tynn, sal av alkohol eller narkotika, uønskt reklame, hat og hets eller falske nyheiter på nett. Regjeringa skal difor lage ein strategi for å sikre barn og unge ein trygg digital oppvekst. Barne- og familieministeren skal leie arbeidet, og Medietilsynet har fått oppgåva med å koordinere arbeidet.

Medietilsynet er i gang med å lage ein nasjonal strategi

Saman med Barne- og familiedepartementet, skal Medietilsynet lage ein nasjonal strategi og ein plan for korleis dei andre aktørane og ekspertane skal involverast. Regjeringa meiner at den statlege innsatsen på området barn og medium bør styrkast gjennom eit meir planmessig og koordinert arbeid med tydeleg mandat.

– Ein slik strategi blir viktig for å kunne møte dei utfordringane eit stadig meir komplekst medielandskap fører med seg, særleg for dei yngste. Vårt mål er å skape trygge rammer og auke barns digitale dømmekraft, slik at dei kan fortsette å uttrykkje og engasjere seg på digitale kanalar, blant anna gjennom å lage musikk og videoar på nett, seier Velsand. 

Regjeringa håpar ein nasjonal plan vil styrke den kritiske medieforståinga

Regjeringa håpar ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst fører til fleire, betre og meir samordna tiltak, noko som igjen kan medverke til betre digital dømmekraft og kritisk medieforståing – som ifølge regjeringa er ein føresetnad for at barn og unge skal kunne delta aktivt og trygt på digitale plattformer.

Les heile stortingsmeldinga om barne- og ungdomskulturen her

Dette får Medietilsynet ansvar for

  • Utvikle og implementere den nasjonale strategien for trygg digital oppvekst i samarbeid med andre direktorat.
  • Koordinere aktivitetar og tiltak som skal bidra til å nå måla.
  • Rapportere på om måla som ligg i den nasjonale strategien, blir nådde.
  • Sørge for at nødvendig kunnskap og innsikt blir henta inn, samla og gjort tilgjengelege både for myndigheitene, aktørar som jobbar med barn og unge og for befolkninga elles.
  • Følge med på og løfte fram sentrale utviklingstrekk når det gjeld det digitale livet til barn og unge, og peike på område som krev ei form for innsats/tiltak.
  • Følge opp enkelte strategiar/tiltak på området og sjå strategien mot internettrelaterte overgrep.