1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Ny aldersgrense for Kampen om Narvik

Medieklagenemnda har endra Medietilsynets vedtak om aldersgrense på filmen Kampen om Narvik.

Distributøren Nordisk Film Distribusjon klaga til Medietilsynet på vedtaket om aldersgrense 15 år på filmen Kampen om Narvik. Tilsynet opprettheldt vedtaket under tvil, og sende saka over til Medieklagenemnda for endeleg avgjerd.

Nemnda har no fatta vedtak, og distributøren har fått medhald i at filmen skal ha aldersgrense 12 år.

I grunngivinga trekker nemnda spesielt fram barn sin rett på informasjon, og at dette særleg gjeld for denne filmen som tek opp ei hending av historisk verdi for Noreg. I tillegg er filmen eigna for å sette lys på aktuelle problemstillingar.

– I Medietilsynets vurdering av filmen var det tvil, og det vippa mellom aldersgrensene 12 og 15 år. Vi tek til etterretning at Medieklagenemnda i enda større grad enn oss har vektlagt barn sin rett til informasjon og har no endra aldersgrensa til 12 år, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling.

  Abonner på nyheter (RSS)