Nyhetssaker
Rekord-låge annonseinntekter for norske aviser i fjor

Annonseinntektene til norske aviser var på eit historisk lågt nivå i 2024, viser ein ny rapport frå Medietilsynet. Sett under eitt blei fjoråret nok eit svakt driftsøkonomisk år for avisene, sjølv om lønnsemda var noko betre enn året før.
– Reduksjonen i annonseinntekter fører til at driftsøkonomien til redaktørstyrte medium blir meir sårbar, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Ho peikar på konkurransen frå dei store globale selskapa som ei viktig årsak til at annonseinntektene til dei norske avisene held fram med å falle. I 2024 hadde dei globale aktørane ein marknadsdel på 47 prosent i Noreg, mens avisene hadde 14 prosent av den norske annonsemarknaden, viser anslag i rapporten frå Medietilsynet.
Nedgang i digitale annonseinntekter for første gong
I 2024 fall avisenes annonseinntektene med 332 millionar kroner, ein nedgang på 8,1 prosent frå 2023, og både dei reine digitale og dei papirrelaterte annonseinntektene gjekk ned.
For første gong sidan 2017 har dei digitale annonseinntektene gått ned. I løpet av dei siste fire åra er annonseinntektene til avisene samla redusert med 502 millionar kroner, eller 11,8 prosent.
Dei digitale inntektene har gått forbi inntekter frå papiravis
I 2024 hadde avisene for første gong høgare inntekter frå reine digitale kjelder enn frå produkt der papiravisa er inkludert, og samtidig hadde den tradisjonelle laussalsavisa VG høgare abonnementsinntekter enn laussalsinntekter.
– Papiravisa er framleis lønsam, men den digitale utviklinga held sjølvsagt fram for heile bransjen. Sjølv om brukarinntektene har hatt ein viss vekst det siste året, kompenserer veksten likevel ikkje for fallet i annonseinntekter. I sum gjekk driftsinntektene til avisene dermed ned i fjor, seier Velsand.
Det kosta avisene vel to milliardar kroner å kjøpe papir, trykke og distribuere papiraviser i 2024. Likevel genererer papiravisene framleis langt høgare inntekter enn kostnader.
Svak lønnsemd også i 2024
Sjølv om mange aviser framleis går med overskott, er det ei utfordring å halde lønsemda oppe. 2024 blei eit av dei svakare åra målt etter lønnsemd sidan finanskrisa i 2008 og 2009, med ein driftsmargin på 3,8 prosent.
– Avisene må halde fram med å investere i redaksjonelt innhald, produktutvikling og framtidsretta digitale løysingar for å tiltrekke seg publikum, ikkje minst unge brukarar, og for å sikre betalingsvilje blant lesarane. Samstundes må dei statlege rammevilkåra være innretta slik at dei ikkje svekker posisjonen og samfunnsrolla til dei redaktørstyrte media, seier Velsand.
Ho peikar på at dette mellom anna handlar om å ta innover seg at sjølv om kjerneproduktet for dei fleste aviser framleis er tekstbaserte, så blir lyd- og videoinnhald stadig viktigare, ikkje minst for å nå dei unge.
– Derfor har Medietilsynet tidlegare sagt at nyheiter, publisert som tekst, lyd og levande bilete, bør behandlast likt med tanke på avgifter. Reguleringar bør være innretta slik at dei ikkje hemmar innovasjon og utvikling av nyheitsformat som trekker til seg mediebrukarane framover, seier Velsand.
Heile rapporten “Medieøkonomi: Økonomien i norske aviser 2020–2024” finn du her.
Fakta om økonomien i avisene for 2024:
- 2024 blei eit av dei svakare åra målt etter lønnsemd for norske aviser sidan finanskrisa i 2008 og 2009, med ein driftsmargin på 3,8 prosent.
- Det samla driftsresultatet til avisene var på litt over 457 millionar kroner før statlege tilskot. Driftsresultatet auka med nesten 45 prosent eller 142 millionar kroner frå 2023.
- 202 av 252 aviser gjekk med overskot før skatt i 2024, mot 190 av 242 aviser i 2023.
- Driftsinntektene var på 12,1 milliardar kroner i 2024, ein nedgang på 1,3 prosent eller 160 millionar kroner frå 2023.
- Brukarinntektene auka med 1,9 prosent i 2024, til vel 7,8 milliardar kroner. Desse inntektene utgjorde 64,8 prosent av dei totale driftsinntektene til avisene, mot 62,8 prosent i 2022.
- Annonseinntektene gjekk ned med 332 millionar kroner i 2024, tilsvarande 8,1 prosent, til 3,7 milliardar kroner. Prosentdelen til avisene av reklamemarknaden gjekk ned frå 16 prosent i 2023 til 14 prosent i 2024. I 2013 hadde avisene 37 prosent av den norske reklamemarknaden.
- I 2024 var inntektene til avisene frå nettutgåvene 6,5 milliardar kroner, mens dei henta 5,6 milliardar kroner frå papirutgåvene.
- Driftskostnadene var på vel 11,6 milliardar kroner i 2024, ein reduksjon på 2,5 prosent eller 302 millionar kroner frå 2023.
- Det kosta avisene totalt 2,1 milliardar kroner å kjøpe papir, trykke og distribuere papiraviser i 2024, og dette utgjer 18 prosent av dei samla driftskostnadene til avisene.