Nyhetssaker
Samiske aviser kan søke om 36 millionar kroner
Medietilsynet opnar no for årets søknader om støtte til aviser som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe, med frist 10. juni. I år skal det fordelast nesten 36 millionar kroner til dei samiske avisene.
– Aviser med den samiske befolkninga som målgruppe bidrar til å gjere dei samiske skriftspråka meir synlege og speler i tillegg ei viktig rolle for språkutviklinga i det samiske samfunnet. Støtteordninga skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.
Ávvir og Ságat fekk mest støtte i fjor
Samtidig er det mange samar som ikkje kan lese dei samiske skriftspråka, og som er avhengige av å få nyheiter om den samiske befolkninga på norsk. Derfor kan også norskspråklege aviser med den samiske befolkninga som hovudmålgruppe få støtte.
I år skal Medietilsynet fordele 35,7 millionar kroner gjennom støtteordninga for samiske aviser. I fjor fekk dei fem avisene Ávvir, Ságat, SÁMI ođasmagasiidna, Snåsningen og Lokalavisa Nordsalten til saman 36,6 millionar kroner i støtte. Avisene Ávvir og Ságat fekk mest, med høvesvis 18,8 og 13,6 millionar kroner i støtte.
Medietilsynet behandlar ferdig søknadene til hausten.