1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket

Bilde av bygget der Medietilsynet har kontor. Det står Medietilsynet på bygningen.

Medietilsynet gir TV 2 gebyr på 300 000 kroner for brot på sponsereglane under sommarens Tour de France. Sponsorplakatane i sendingane hadde for lang varigheit.

Regelbrotta blei avdekte i samband med eit planlagt tilsyn med sju etappar av sykkelrittet i perioden 7. til 27. juli. Alle sendingane Medietilsynet førte tilsyn med hadde sponsoridentifisering i strid med regelverket.

– Medietilsynet vurderer regelbrottet som alvorleg. At kontrollen avdekte brot i alle dei kontrollerte sendingane, inneber at det var ei rekke gjentatte og klare brot i løpet av kort tid, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.

Sponsoridentifisering skal opplyse sjåarane om sponsorforholdet

Eitt av formåla med reglane om sponsoridentifisering på TV er at sjåarane skal bli gjorde merksame på at eit program er sponsa. Det skal skjerpe vaktsemda til sjåarane overfor det redaksjonelle innhaldet i programmet. Det skal ikkje vere ein arena for overdriven eksponering av sponsorane.

– Sjåarane blei i desse sendingane eksponerte for meir kommersielt innhald enn dei skulle ha blitt. Vi har i den samanhengen også lagt vekt på at sendingane hadde høge sjåartal, seier Sekkelsten.

Kvar sending varte i fleire timar og alle dei kontrollerte sendingane hadde fire sponsorar. Sponsorane blei viste ved fem høve innanfor éin times varigheit, og sponsorane blei altså viste meir enn dei tillatne seksti sekunda i løpet av éin time. I enkelte timar blei sponsorane eksponerte i opptil nitti sekund.

Medietilsynet meiner det ikkje er nok med åtvaring denne gongen

For omfattande sponsoridentifisering er brott på kringkastingsforskrifta. Så seint som i mai i år blei forskrifta endra, slik at det blei lov med inntil seksti sekund identifisering av sponsorar i timen – mot inntil førti sekund i timen tidlegare.

Medietilsynet kan gi sanksjon i form av åtvaring eller gebyr ved regelbrott. I denne saka meiner Medietilsynet at ei åtvaring ikkje er nok.

– Talet på klare brott og mange sjåarar taler for ein strengare reaksjon. Preventive omsyn tilseier også at TV 2 får gebyr i denne saka, seier Sekkelsten.

Det blir understreka i vedtaket at Medietilsynet ser positivt på at TV 2 har sett i verk tiltak for å unngå at liknande brott på kringkastingsregelverket skjer igjen.

  Abonner på nyheter (RSS)