Nyhetssaker
TV 2 oppfylte alle krav som kommersiell allmennkringkastar i 2024

TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2024 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Dette er det første året med den nye femårige avtalen mellom TV 2 og staten.
Hovudlinjene i den føregåande avtalen om kommersiell allmennkringkasting er vidareførte i den nye avtalen og omfattar blant anna krav om eigenproduserte daglege, riksdekkande nyheitsprogram med base i ein sentral nyheitsredaksjon utanfor Oslo, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisning av norsk film og tv-drama.
– Gjennom å oppfylle samfunnsoppdraget som følger av avtalen med staten, bidrar TV 2 til å nå dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting og styrke det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Nærvær i fleire fylke og norskspråkleg innhald
TV 2 har hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, og sikrar i tråd med avtalen eit sterkt nærvær og eigen nyheitsredaksjon utanfor hovudstaden. Tilsynet med programverksemda for 2024 viser også at TV 2 leverte godt på det nye kravet om redaksjonelt nærvær i fleire fylker i Noreg, i tillegg til Vestland og Oslo.
– Med distriktskontor i dei seks byane Bodø, Hamar, Stavanger, Tromsø, Trondheim og Ålesund bidreg TV 2 til å styrke nyheitsdekninga frå heile landet, seier Velsand.
TV 2 oppfylte krava om norskspråklege program for barn og unge i 2024. Tilbodet til barn er styrkt samanlikna med den føregåande avtaleperioden gjennom krav til daglege sendingar, der kravet tidlegare var sendingar i helger og høgtider. TV 2 sende i 2024 også nye produksjonar av norsk film og tv-drama på hovudkanalen TV 2 direkte, og oppfylte også kravet om å investere gjennomsnittleg 60 millionar kroner årleg på slike produksjonar.
– At dei norske allmennkringkastarane fremmar norskprodusert innhald som reflekterer norsk historie, kultur og samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert film- og strøymemarknad, seier Mari Velsand.
TV 2 bidrar også til å styrke norsk språk og identitet gjennom å formidle norskspråkleg innhald. I 2024 var 60 prosent av programma på hovudkanalen norskspråklege. TV 2 oppfylte dermed med god margin kravet om at slike program skal fylle minst 50 prosent av sendetida.
TV 2 får 133 millionar kroner i kompensasjon
Medietilsynet vurderer at TV 2 har etterlevd retningslinjene for det rekneskapsmessige skiljet mellom allmennkringkastingsverksemda og den andre delen av verksemda i 2024. Allmennkringkastingsverksemda medførte ein netto meirkostnad på 133 millionar kroner inkludert ti prosent driftsmargin i 2024. Dermed blir TV 2s kompensasjon for allmennkringkastaroppdraget noko lågare enn det maksimale beløpet på 150 millionar kroner. Fordi TV 2 alt har fått utbetalt full kompensasjon på 150 millionar kroner for 2024, blir den overskytande kompensasjonen avkorta i den neste utbetalinga til TV 2.
Hovudkonklusjonar frå tilsynet for 2024:
- TV 2 oppfylte krava knytte til lokalisering av hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen blant anna ved å ha majoriteten av de redaksjonelle medarbeidarane i Bergen.
- TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Med cirka 145 redaksjonelle årsverk og 330 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen TV 2 Direkte oppfylte TV 2 forpliktingane med god margin.
- TV 2 oppfylte krava til å sende eit dagleg norskspråkleg tilbod til barn. I 2024 brukte TV 2 vel 16 millionar kroner på denne typen program.
- TV 2 oppfylte krava om norskspråkleg tilbod til unge i alderen frå 13 til 19 år. TV 2 brukte vel 7 millionar kroner til denne typen program i 2024.
- TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama og innfridde med god margin kravet om eit årleg gjennomsnitt på 60 millionar kroner til innkjøp av produksjonar.
- TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnhaldet lineært på hovudkanalen TV 2 Direkte og ikkje-lineært i TV 2 Play. TV 2 oppfylte også kravet om å vere tilgjengeleg i distribusjonsnett som kan bli tatt imot av minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg (teknisk dekning).
- TV 2 oppfylte kravet om å basere programtilbodet i hovudkanalen på prinsippa for allmennkringkasting, kravet om at profilen i programtilbodet skal vere av allmenn karakter og interesse og kravet om å tilby program for både breie og smale grupper.
- TV 2 oppfylte krava om breidde i tema og sjangrar. I 2024 valde TV 2 å dekke dei fem kategoriane samfunns-/informasjonsprogram, sport, dokumentarprogram, underhaldning og natur og vitskap, og alle krava til hyppigheit og omfang er oppfylte.