1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

VGTV får åtvaring for brot på reklame-reglane i Harm & Hegseth

VGTV får en advarsel fra Medietilsynet for brudd på reglene om produktplassering og tydelig merking. Foto faksimile VGTV
VGTV får en advarsel fra Medietilsynet for brudd på reglene om produktplassering og tydelig merking. Foto faksimile VGTV

VGTV får åtvaring av Medietilsynet for å ha gitt logoar på studiointeriør ei unødig framståande rolle, og for at produktplasseringa ikkje var tydeleg nok merka i programmet «Harm & Hegseth».

– Medietilsynet meiner produktplasseringa i form av logoar på ballongar og kubar på bordet i VGTV-programmet Harm & Hegseth fekk for stort fokus og kunne verke påtrengjande og forstyrrande for tv-sjåarane, seier Hanne Sekkelsten direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Sjåarane skal ikkje utsetjast for unødig kommersielt press

Det er i utgangspunktet tillaten med produktplassering i eit program som Harm & Hegseth, men samtidig skal ikkje produktet få ein for framståande rolle. Sjåarane skal ikkje utsetjast for eit unødig kommersielt press.

Medietilsynet vurderer at produktet ikkje var godt nok bygt inn i handlinga i programmet, noko som er formålet med produktplassering.

Program som inneheld produktplassering, skal i tillegg bli merka slik at sjåarane er klare over at det innhald reklame. – Programmet Harm & Hegseth blei merka, men vi meiner det ikkje blei merka tydeleg nok etter krava i lova, seier Sekkelsten.

Medietilsynet gir VGTV ein sanksjon i form av ei åtvaring for brot på reglane om produktplassering og på tydeleg merking.

Medietilsynet gir også Discovery åtvaring etter brot på sponsereglane

Discovery får åtvaring frå Medietilsynet etter brot på sponsereglane, ein av dei andre reklamereglane i kringkastingslova. I ein episode av programmet «Alltid beredt» på TVNorge denne hausten viser tv-kanalen sponsorplakatane lenger enn det som er lov.

– Medietilsynet gir Discovery ein sanksjon i form av åtvaring for brot på sponsereglane, seier Sekkelsten.