1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

VGTV gikk for langt i omtale av sponsa premiar

VGTV får ei åtvaring for brotet på kringkastingslova etter at sponsa premiar frå Kondomeriet fekk ein meir omfattande presentasjon enn det er lov til. Foto skjermdump VGTV underhaldning
VGTV får ei åtvaring for brotet på kringkastingslova etter at sponsa premiar frå Kondomeriet fekk ein meir omfattande presentasjon enn det er lov til. Foto skjermdump VGTV underhaldning

I ein episode av Harm & Hegseth på VGTV i april omtalte programleiarane sponsa premiar frå Kondomeriet meir omfattande enn det er lov til. – Dette er eit klart brot på reglane, og vi gir VGTV ei åtvaring for brotet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør i juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Sponsa premiar i eit program skal ikkje presenterast meir omfattande enn det som er nødvendig for å få vite kva premien er, og kven som har gitt han. Reglane i kringkastingslova er til for å unngå at reklame blir blanda inn i det redaksjonelle innhaldet og skaper tvil om kva som er kva.

– I dette tilfellet går premiepresentasjonen lenger enn det som er tillate etter regelverket. I vurderinga har vi lagt vekt på at eigenskapane til premieprodukta blei skildra i positive ordelag, i tillegg til at programleiarane viste til eigne positive erfaringar med produkta, seier Sekkelsten.

Første gong VGTV får åtvaring

VGTV uttaler til Medietilsynet at det er sett i verk konkrete tiltak for å sikre at regelverket blir følgt i framtida.

– Vi er tilfredse med at VGTV har gått gjennom rutinane sine for å sikre at reglane blir følgde. Medietilsynet har gitt sanksjonar i form av åtvaring i liknande saker hos andre aktørar. Derfor får VGTV tilsvarande reaksjon, seier Sekkelsten.

Dette er sponsing

  • Sponsing er etter kringkastingslova alle bidrag til produksjon eller sending av program frå ein fysisk eller juridisk person som sjølv ikkje tilbyr programmet eller er engasjert i produksjonen.
  • Bidraget må vere gitt i marknadsføringshensikt. Bidraget kan givast til den som produserer programmet, eller til den som tilbyr eller sender programmet. Aktørane har ansvaret for at regelverket vert følgt også i dei tilfella der andre har fått bidraget, for eksempel produksjonsselskapet.
  • Alle bidrag omfattar både betaling og indirekte bidrag. Indirekte bidrag kan for eksempel vere at kringkastaren får ei vare eller ei teneste gratis eller til ein pris som er lågare enn marknadspris. Dette kan vere leveransar av utstyr, premier, rekvisita, lokale til disposisjon eller senderettar.

Les meir om kva sponsing er, og kva som er tillate for kringkastarane, her